MAGNUS PYM

– SOGNABAND SYNG OM IDENTITETSKRISE

Magnus Pym sine songar handlar i følgje dei sjølve om familieliv, kjærleik, identitetskrise og frustrasjon over samfunnet.  Dei kjem til Fres for å dela dette med oss, i eit stødig vise-popformat som bør gleda dei fleste – gamle så vel som unge, sarte sjeler så vel som dei meir hardføre, smale så vel som breie (etc… de forstår poenget).

Bandet har 75 % av røtene sine i Sogn og 25 % av røtene frå ein knaus ut mot havgapet litt nord for Bergen. Førstesongar/gallionsfigur/kommandør for bandet er ingen ringare enn M.Sc. Torkjel Eggert Solbraa, som er kjend og hylla for sitt arbeid som gitarist og låtskrivar i det rurale bro-rock bandet Tyyl! Erfarne Fresgåarar som har opplevd Solbraa sitt breibeinte sceneuttrykk med Sogndalsbandet kan vente seg ei overrasking, for, som Solbraa sjølv har uttalt til den alltid gravande lokalpressa: – Dette er noko heilt anna.

Me har booka Magnus Pym etter deira tur til studioet no nyss, der dei spelte inn eit lite knippe låtar som dei har lova oss snarleg skal bli tilgjengelege for strøyming. Me gler oss, både til låtane vert sleppte ut i den digitale eteren, og sjølvsagt mest av alt til dei dukkar opp i Fresvik i slutten av juli for å sausa oss inn i visepopmelankolien.