GREAT NEWS

– BERGENSBØLGE 3.0

Det er mogleg folkens! Ein trio som pumpar ut riff som om dei skulle vere ein heil skvadron med gitaristar og andre typar bandmedlemmar! Great News er nettopp ein slik trio! Ein skulle nemleg ikkje tru det, men når Great News går på scena, så let det så digert at ein like godt kan ringe sin lokale stadion-arkitekt. Great News er nemleg så arena-format at det nesten er påkrevd at kvar publikummar tek med sin eigen stadion!

At Great News er eit aweseome liveband, er det flerie og fleire som har fått med seg. Blant desse finn ein feks det intergalaktiske bookingbyreauet CODA, som etter å ha sett Great News levere stadionshit i ein bakgård i Bergen (alle i publikum hadde med eigen stadion) like greitt signa trioen til ein intergalaktisk bookingdeal. Dermed får heile resten av galaksen, ikkje berre Fresvik, etterkvart høve til å nyta Great News!

Dei ligg ei på den mykje omtala latsida! I februar kjem debutplata “Wonderfault”, og ein kan ikkje anna enn å megagleda seg til den deisar ned i di føretrukne straumteneste. Vi lovar deg at det vert bra awesome! Men mest awesome av alt: Great News er på veg til Fres Festival 2018.

SPØTTINJE

VIDEO