GRAND ISLAND

– DEN SÅG DU IKKJE KOMME!

Innimellom er ikkje ordet “rock” godt nok. Kast inn ein banjo, crazy vokal og heilfrekke orgellicks og du får sjangeren Grand Island! Bandet som var ein del av det store freshamskiftet attende i 2010, gjer sin fyrste gig på, i fylgje bandet sjølve, lenge, og DET feirar me med å bygge ei festivalramme rundt.

Ti år etter den spellemannsprisnominerte mastodonten av eit rockealbum, Boys & Brutes, vart gitt ut, er altså bandet med fordums P3-hits som “Us Annexed”, “Love in Decay”, “Angelila” og “Suffer / Lid, Min Kjære” (pluss tre album fylt til randen av kremlåtar) attende. Og ikkje nok med det! Eit inside scoop fortel oss at bandet har barrikadert seg i studio dei siste åra, klare for å sleppe nytt album til hausten!

Men du, gjer deg sjølv ei tjeneste, sett på alle Grand Island-platene no, så får du verdas beste dag! Bandet seier at dei gledar seg, dei skulle berre visst kor mykje me gledar oss! Ass and disco!

SPØTTINJE

VIDEO