ELECTRIC EYE

– VERDAS. BESTE. BAND.

“This four piece are all about long jams and pushing their rack of pedals to the limit. The bassline starts and weaves a hypnotic trance like rhythm while layers of otherworldly sounds are added resulting in one hell of a racket.”

– louderthanwar.com

Verdas beste band har gitt ut, ikkje berre eit av tidenes beste album, men dei klokkar inn tre, på topp tre lista! I tillegg hentar den passeleg titulerte “Live at Blå” pokal for beste livealbum gjennom tidene.

Det er altså ikkje kva som helst slags band me snakkar om her. Electric Eye har levert hypnotiserande grooves sidan debuten “Pick up, Lift-off, Space, Time” i 2013. Det store gjennombrotet kom med 2016-releasen “Different Sun” som mellom anna innehaldt radiohiten “Mercury Rise”. I fjor slapp EE den kritikarroste “From The Poisonous Tree”, og med (triviaåtvaring) 8 låtar så er det den mest låtpakka plata bandet nokon gong har gitt ut.

Etter sigande skal også bandet vere over snittet gode på bar og burrito. Denne er enkel: VER PÅ PLASS NÅR ELECTRIC EYE FYRER IGONG THRUSTERANE OG SENDER FRESVIK UT I OUTER SPACE!

SPØTTINJE

VIDEO