DETROIT SOUND

– GARASJEPØNK

Med ein fot i midtvesten og ein godt planta i området aust for Akerselva, har Detroit Sound funne sitt sprelske pønkeuttrykk. Bandet starta som eit prosjekt for å hylle 70-årsdagen til Iggy Pop, og hadde då med seg rockelegende Michael Krohn på gjestevokal. Ei fullsatt rockebule i hovudstaden fekk høgenergi og rå rock’n’roll kasta mot trommehinnene, noko ei anna fullsatt rockebule nokon månader også fekk oppleve.

Bandet består av medlemmer frå det Fresvenlege orkesteret  NRWY og indierockarane Grand Cafe. Ein potensielt dødeleg cocktail av vreng og uhåndterlege mengder tom tom trommer.

Debut-EP’en “Detroit Sound EP” kom i slutten av mars, så me snakkar heit potet her! Den inneheld fem hardtsparkande spor som er gjort live, og dermed er eit vitnesbyrd på at dette kjem til å sparke hardt frå scena óg! Bu deg på vreng i alle ledd, leddvreng!

SPØTTINJE