Death By Unga Bunga

– GITAR, BASS, TROMMER, VOKAL, NEVNTE ME GITAR?

Når denne gjengen ikkje er opptekne med norgesturné eller fullsett Rockefeller i Oslo saman med Oslo Æsj så er dei på USA turne med punk-legendane i Stiff Little Fingers.. Og no kjem dei altså for å levere årets rock på Skau…

…og for ein timing! I april kjem ny plate! «Bye Bye» og «Into the Night» frå denne vart slept mot slutten av 2017, og killeren «Soldier» er nett ute. Me har sjølvsagt fått høyrt resten, og kan bekrefta at i motsetning til band som berre lagar ei plate som folk likar, og deretter berre plater for at folk skal kunne sei at dei berre likar den fyrste, så leverar Death By Unga Bunga her den feitaste plata sålagt i karriera!

Gjengen har dreve på i heile 10 år, og like lenge har me prøvd å få dei til Fresvik. Eit søk i internposten til Fres gir 170 treff! Når ein fjernar all spam frå Øyafestivalen sit ein att med 43. 2018 blei året. Kom fram til scena, det er konsert!

SPØTTINJE

VIDEO