DARLING WEST

– KJÆRT BAND HAR MANGE NAVN

I starten var Darling West berre ei låt. Ein tekst og ein melodi laga av ekteparet Tor Egil og Mari Kreken. Men – det var jo litt lite då, så då tok nemnde Krekens, i lag med kompis Kjetil Steensnæs, like godt å starta eit band med same namn. I dag har Darling West utvikla seg til å bli eit av Noregs leiande country- og americanaband. I 2016 vann dei Spellemann for albumet «Vinyl and a Heartache». Heldigvis for både oss og dei, så lagar dei ikkje eit nytt band for kvar låt dei lagar!

2017 og 18 har tatt Darling West på kryss og tvers av landets konsertscener. I august opna dei Øyafestivalen på hovedscena i Tøyenparken. Dei har varma opp for Lucinda Williams i Finland og spelt med den amerikanske countryartisten Sam Outlaw i Sverige. I USA er bandet tatt godt i mot, og med 10 konsertar på SXSW i Texas, showcasar i New York og Nashville må det kunna kallast ein Amerika-suksess! I september 2017 blei dei på ny invitert til Nashville og verdas største americana-festival, AmericanaFest, der dei spelte tre utsolgte konsertar.

I 2018 står nye konsertar, både i USA heime i gamlelandet for tur, og ikkje minst: ny plate! 16. februar dumpa nemleg eposet While I Was Asleep ned i postkassane (!?) til køntrifans over heile landet – og Darling West har ikkje sett seg attende sia. Og no ser dei endeleg mot Fresvik og Fres Festival! Vi gledar oss no end til å presentere: Darling West!

SPØTTINJE

VIDEO