DAGNY

– POPTEFT MUCH?

Dei siste to åra har Dagny frå Tromsø for alvor svinga seg opp til å verte ei av våre fremste popartistar. Ho har gjort seg bemerka med megacatchy og smart pop med stor appell langt utover landegrensene. Dermed er det berre heilt naturleg at Fresvik no står på Dagny si liste for sommaren 2018! Med megahits som Love You Like That, Fools Gold, Backbeat, Wearing Nothing og no nyleg Drink About i lag med superprodusent Seeb har Dagny solgt ut konsert etter konsert og for alvor etablert seg som ein liveartist å rekne med.

Det er altså ikkje nok at tromsøværingen endar opp på lista over fjorårets 100 beste låtar, satt saman av kritikarkorpset til musikkblekka Billboard, ho haustar óg ravin’ reviews for liveopptredenane sine.

Det blir hits hits hits på bø bø bø, når Dagny Dagny Dagny inntar scena scena scena!

SPØTTINJE

VIDEO