CEZINANDO

– TOPPEN AV POPPEN

Ei samla musikkpresse og ein eksplosivt veksande fanskare har applaudert Cezinando sitt heilt unike musikalske univers. Han er ein rappar som skil seg frå mengden – i tekst, melodi og karakter. I november 2016 vann han prisen for Årets nykommar på P3 Gull, og under Spellemannsprisen kort tid etter vann han i kategorien Årets tekstforfattar. Eitt år seinare, november 2017, hanka han jommen inn Årets låt på tidlegare nevnte edelmetallutdeling, for låta “Håper du har plass”.

Med mindre du faktisk har budd under ein stein det siste året, så kan du umogleg å ha gått glipp av Cezinando. Tung rotasjon (pling!) er ikkje eit sterkt nok begrep for å skildre mengden radiospeling den unge hiphoparen har fått.

Ei lita oppsummering:

16 år gammel slapp han debut-EPen Cez 4 Prez, og to år seinare fulgte han opp med sin fyrste fullengdar framtid:sanntid. Låta €PA, som han seinare vann Urørtfinalen 2016 med, fekk raskt tung rotasjon (pling!) på radio, og i juni 2016 blei albumet Barn Av Europa sleppt til fantastiske kritikkar.

6. oktober 2017 slapp han oppfølgaren til Barn av EuropaNoen ganger og andre, og det til strålande mottaking. Albumet suste rett inn på fyrsteplass på VG-Lista Topp 40 og fleire av låtene fekk umiddelbart tung radiorotasjon (pling!).

Det alt dette betyr for deg, er at du bør innfinne deg på Noregs trivlegaste festival, siste helga i juli!

SPØTTINJE

VIDEO