BOB HUND

– INDIEROCK EXTRAGAVANZA

Skandinavias mest underfundige rockeband til Fres! Med ein heilt aaaabsurd bra låtkatalog så kan me med 100% tryggleik seie at dette blir vilt festleg. “Tralala lilla molntuss”, “Nu är det väl revolution på gång?”, “Ett fall och en lösning”, “Dansa efter min pipa”, “Tinnitus i hjärtat” er blant dei monstrøse hitsa dei har levert på svenskane sin eigen sogning, skånsk.

I år feirar Bob Hund 25 år og gjorde i januar på Malmö Live ein cover av sin eigen konsert frå Hultsfred i 1993, ein konsert som av pressa vart kalla “den bästa konserten på svensk mark någonsin”. I juli gjer dei sin fyrste konsert i Fresvik, og me går utfrå at den lokale pressa vil kåre det til “den bästa konserten på fresviksk mark någonsin”.

Men heilt på ekte, dette er ein sånn konsert du berre må vere på, for Bob Hund i Fresvik, det skjer ikkje kvar dag. Bli altså med på ei historisk hending, den beste konserten på fresviksk mark nokonsinne!

SPØTTINJE

VIDEO