Amgala Temple

Djeeeess! Det har tidelgare vorte sagt at både jazz og prog er noko kun gamle menn set pris på. Men det er altso FEIL! Dtt syner seg nemleg no at også menn so unge som midt i ogeller i andre halvdel av 30-åra kan både sysla med og setta pris på slikt noko. Og det med den største av bravur! Jazzprogrocken er attende, og det er naturlegvis trioformatet – også kjent som verdas kulaste fomat – som målber denne frekkasen av ein sjanger.

Amgala Temple er lyden av tre musikalske stormakter slått saman. Resultatet er overveldande: spontanitet og disiplin, improvisasjon og klarsyn blanda saman med ambisjon om å skapa noko sublimt.

Samansettinga av Lars Horntveth, Amund Maarud og Gard Nilssen er ein våt dram for musikkjennarar. På kvar sin kant har dei vore definerande i norsk musikkliv, som soloartistar og bandleiarar i et utal samanhengar, det være seg Jaga Jazzist, Susanne Sundfør, Todd Terje, Morudes, Bushman’s Revenge, a-ha eller Gard Nilssen’s Acoustic Unity.

Men Amgala Temple let ikkje som nokon av dei ovannemnde. Dei har skapt eit nytt musikalske rom – ein stad å kunne boltre seg fritt, med ekskursjonar i nye soniske landskap der det som skjer, kan og bør skje. Og te-skje.

Dermed er det ikkje noko meir å lure på eigentleg, Amgala Temple vert endå ein av desse Fres-konsertane du ikkje visste ville bli ein av dine største konsertopplevingar før du faktisk står der! Snakkast der, m.a.o.!

SPØTTINJE

VIDEO