Amanda Tenfjord

21 år gamle Amanda Tenfjord frå Ålesund har på kort tid gjort seg bemerka som ein utruleg talentfull og karismatisk artist med si vakre stemme og særeigne låtteft.

Tenfjord har spelt strålande konsertar og vist seg fram på mellom anna by:Larm, Trondheim Calling og Klubbøya, samt motteke Forbildeprisen (2017). Amanda Tenfjord er også streama i hopetal, og ho har tiltrekt seg merksemd fra nasjonal og internasjonal musikkbransje. Sjølvaste NME skreiv: “There’s a promising power inside her which is definitely worth keeping an eye on in the year ahead”. Det er nok blott timar å rekne før også Sogn Avis står på trammen til Amanda, penn og blokk i hende, scoop i tankane og deadline i nakken!

Dette, folkens, blir noko av det beste som vert å oppleva på ei scene i komande Vestland fylkeskommune på svært svært lenge! Snakkast fremst!

SPØTTINJE

VIDEO