Kinnskjegg er den nye olja! Slik er det folkens, og slik vert det når landets definitivt kulaste trio inntek Fres Festival 2017!

Ungdomskulen er det uekte barnet av speleglede, italiensk prog, britisk disco og krautrock! Legg til i denne genetiske miksen at dei var dei første til å praktisera fargerike joggesko, og vipps har du eit lite stykke norsk alternativ rockehistorie!

Etter å ha vandra seg gjennom eit høgt antal navneendingar, landa gitarist Kristian Stockhaus (ex Modulator), trommis Øyving Solheim (ex Livlige Olas) og bassist Frode Flatland (ex Modulator – der han trakterte munnspelet) på navnet Ungdomskulen – og tida var dermed moden for at dei kunne gå i gang med å turnere inn- og utland rundt, og ikkje minst sleppe masse phet muphikk. Dei har sett sett tilbake fleire gonger, og i den prosessen har dei sleppt klassiske album som Cry Baby (2007), Bisexual (2009) og Secrecy (2012) i tillegg til ein skokk med 7tommarar, deriblant den meeeeeget kontroversielle Gimmie Ten, som innehelt 10 låtar a 1 minutt!

Ungdomskulen er no attende med endå meir dansbar rock, og eit brennande ønskje om å ta nådelaus hemn over hiptsterar over heile verda. Dei har eitt nytt album i kjømda, så det er ikkje anna å gjere enn å spenne fast pengesetlane og gleda seg heilt villt til Ungdomskulen inntek Skausgarden siste helga i juli!

´