Åhei for eit fint band! Misty Coast er ifylgje sitt eige presseskriv “inspirert av det vidtfavnende vestlandsklimaet”, og om det er sånn klimaet vårt er så er det ingen grunn til å klage på å måtte køyre med piggdekk ut i juni. Duoen består av Linn Frøkedal og Richard Myklebust, kjent frå mellom anna The Megaphonic Thrift (nok ei Bergensperle!). Me gir dei topptrilling på “Beach House møter Twin Peaks”-terninga, og anbefalar deg å oppleve solskin og Misty Coast i Fresvik.

Ja, og Kim Åge spelar trommer med dei.

Men heilt alvorleg, dette blir nok årets finaste konsert skal du sjå!

Foto: Gry Dahl