Yass! Lemaitre til Fresvik, alt peikar mot at du bør oppleve dette!

2016 var året Lemaitre for alvor markerte seg på den internasjonale musikkscena, krona med uforglømelege opptredenar på Coachella i California. I februar i år solgte dei ut nokon av dei største venuane i Noregs fire største byer; Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger!

Den Los Angeles-busatte duoen er straks aktuelle med deira nye singel ”Higher” feat Maty Noyes og legg i sommar ut på festivalturné over hele Europa.

Lemaitre har hatt nokon eventyrlige år sidan dei starta i 2010, med massiv internasjonal interesse. Dei har over ein million fylgjarar på SoundCloud, og duoens ep frå 2012, «Relativity 2», gjekk til topps på iTunes Electronic Chart i USA og Canada. Dei har i løpet av dei siste åra blitt lovprisa av artistkollegar som Porter Robinson, Madeon og Kygo, noko som også har resultert i fleire spanande samarbeidsprosjekt. Lemaitre blei blant anna invitert med på Porter Robinsons USA-turné i 2014. I tillegg til tung radiorotasjon dukkar musikken deira stadig opp i tv-serier og reklame.

´