Av og til snublar du over band som er så bra at du nesten ikkje heilt veit kva du skal ta deg til resten av dagen, eller livet for den del. Når slike band i tillegg ikler musikken sin dei mest nerdete av referansar (Jones i den raske linja??), og den smalaste av lokal nålestikkshumor (han Kenneth knabba ei kasse??!!), då er det eigentleg berre å takka for seg, ta sin hatt og gåstol og sjekka inn på næraste sjukehus! For når Ålesunds største søner piskar saman sin signaturkrem av prog, pop og episke lydlandskap – då er det sopass bra at det er direkte helseskadeleg.

Knekklectric tok til å røra rundt på seg i 2010 med EPen “Demonstrasjon”, som etterkvart vart fulgt opp av fullengdaren “Ingenting å melde” i 2014. Denne inneholdt den heilfrekke og highly realatable singelen/monsterhiten “Huske på!” som gjekk sin sigersgong ein ettermiddag på dab/internettradiokanalen Program 13!

I sitt seinaste sprell har nok ein gang synt verda at det dei manglar av sjølvbegrensing tek dei attende i sjølvironi. Longplayen “For Mange Melodia” deisa nemleg ned i platebutikkane vinteren 2017, og sidan den gongen har Knekklectric ikkje sett seg attende. Det er med alt for stor glede at vi kan presentere knektane frå Kolvikbakken, nyproggarane i Nørvelia, på ei scene i Fresvik! Knekklectric på Fres 2017!

Foto: Kristoffer Øen