Junk Machine er som om ein har putta eit band inni ein fuzzboks og kalla den akkurat det. Trioen frå Bergen leverar catchy og twangy rock som minner om T-Rex (vokalisten liknar til og med på Marc Bolan), Queen, The Black Keys og ein haug med andre heilt awesome referansar.

Sjølv om dei berre er tre høyres dei til tider ut som dei er ti. Me kan lett innrømme at dette er vårt nye favorittband. Kom og sjekk dei ut sjølve då, tippar at de er enige!