På med flytevesten folkens! Ein kredtsunami slår innover Sognefjorden i retning av Fresvik, Skau og Fres Festival 2017!

Du har band som slepper debutalbum, og så har du Hajk. Skilnaden på desse, er at når Hajk først gjer det, så er det til slik ei endelaus jubel frå dagspressa at det nesten går over alle støvleskaft. Sjå berre kva alle desse avisene – som alle startar med ‘Dag’ – har å seie om den sjølvtitulerte platedebuten til Hajk:

Dagbladet – Hajks debutalbum låter som en million dollars! – terningkast 5!

Dagsavisen – Ditt nye favorittband! – terningkast 5!

Dagens Næringsliv – Særdeles godt tenkt, utført – og fremført! – terningkast Audun Vinger!

Hajk er ikkje verre på det enn at dei likegodt blandar det aller aller beste frå indie og pop, og utav dette tryllar dei dei vakraste, frekkaste og freidast låtar innan ein sjanger logikken beintvingar oss til å kalla “indeipop”. Med singlar/perler som “Common sense” og “Magazine” rakk hajk knappast å setta på kaffitraktaren økofestivalar som Slottsfjell og Øya hadde meldt si interese.

Foto: Kaja Bruskeland