DJ Girson har dei seinaste tre åra troppa opp på Skausgarden og levert klubbsett som verkeleg får bøen til å rista. Det er difor med den største glede at vi nok ein gang kan presentera DJ Girson: på plass for å fylla bøen med frekke hits og dansbare beats! Girson er ikkje berre hus-DJ på Fres Festival – som ein del av det kreative miljøet NMG/G-huset har Girson dei siste åra slått seg opp ikkje berre som DJ, men óg som meir eller mindre fast sidekick til Fresvenen Lars Vaular.

Klar for nok ein herleg klubbkveld på Skausgarden? Aaaait – Girson leverar deg bangersane du treng!