For fem år sidan skjedde noko heilt spesielt på Skau: El Doom & The Born Electric viste for heile bygda, kommunen, fogderiet og regionen korleis prog av ypparste klasse høyres ut.

Som det relativt lange bandnamnet indikerer, er det El Doom som er sjef i bandet. Og kven er denne El Doom? Han er ingen ringare enn Ole Petter/Ollis Andreassen, kjent frå mellom andre Thulsa Doom, Black Debbath, Cumshots og Young Fogertys.

El Doom & The Born Electric representerer sjølvaste progrockaristokratiet i Fresvik i sommar. Og du representerer publikum (ved å kjøpe ein billett, då vel…) .