Frøkedal

Nokon artistar leverer rett og slett berre upåklageleg awesomness uansett kva prosjekt dei driv med. Anne Lise Frøkedal er ei av desse. Ikkje berre er ho det, ho er òg ei av to Frøkedalsøstrer, som blant anna er berømte for å vere dei søstrene som har flest Fres Festival-opptredenar mellom seg – så mange at ein vanskeleg sjå føre seg at det kunne blitt noko Fres Festival i det heile utan dei!

I tillegg til å ha Frøkedal gåande, har Anne Lise vore sentral i band som Harrys Gym og I Was A King, ho har spelt cajun og tradisjonell musikk med lokale spelemenn og konspirert med aktørar frå house/elektronikascena i Oslo. Desse inntrykka blir oppsummert i eit uttrykk som er like sterkt i kjærleiken til det akustiske som det er svakt for enkle, effektive beats. So langt har dette resultert i to album under Frøkedal-monikeren: Hold on Dreamer frå 2016 og fenomenale How We Made It frå 2018.

Frøkedal sin musikk er mørk og melodisk, inspirert av alt frå 60-­tals folk via Cocteau Twins til Brian Eno sin minimalistiske pop.

I færre ord: Dette er sånt du ikkje går glipp av! Snakkast påbøes siste helga i juli!

SPØTTINJE

VIDEO