Kortfatta historikk for den uinnvigde

Det var i dei dagar det skulle feirast nyår. Dette skulle fancy nok gå føre seg på ein avskjerma plass, der ein uhemma kunne skyte opp rockets, lovprisa Bacchus samt produsera støy utover det hensiktsmessige.

Valet fall på Fresvik, ei bygd lokalisert på feil side av Sognefjorden, the majestic. Skjønt totalt avskore var ikkje Fresvik. Vitterleg var det vegforbinding og Syrstrondsbygdi funkla i det fjerne. For skams skuld kan det leggast til at ein viktig grunn til at valet fell på Fresvik var at ein Lt. Skau gjennom blodsband var i indirekte eigarskap av hus og gard midt på bygdas svar på Kalfaret. Skausgarden er i ferd med å misse si uskuld.

I kjølvatnet av ei særs vellukka nyårsfeiring då det rann av dag og av røv, slo overnemnde Lt. Skau og ein Per Chris Groovah, kunsthistorikar og semikosmopolitt frå Borgund, sine hovud, som framleis er i prosessen med og kvitta seg med toksin innteke kvelden og natta før, saman og tok ein stroll rundt på garden. Gjennom den postalkoholiserte disen som sat som eit lag Vaseline over auga deira kunne dei skimta at
omgjevnadane kunne by på ei unik naturoppleving. Dei greidde og å registrera at sjølve garden disponerte ein bygningsmasse som formleg skreik etter å verte nytta til noko utover å væra støtter for si eiga vekt. Til trass for at bøane framleis var dekte i eit kvitt stoff frå himmelen og at lufta kunne by på temperaturar ein frysar frå Fresvik ProduktTM verdig fekk dei båe ein kollektiv visjon. Ein visjon innehaldande telt, solkrem, trønderlapssodd, kassevis med temperert pilsnerøl, medioker kroppshygiene og ikkje minst musikkmusikkmusikk. Det var visjonen om ein festival! Tatt taratt taaaaa!!!

Visjonen vart av mange avfeia som reint rør og fantasifoster, komen til denne verd utav to mindre enn fruktbare sinn med brennevin som fødselshjelp. Den vart av andre stempla som kreativ fanatisme og eit ønskje om å manifestere tesen om at kvart jævla nes i landet skal ha sin eigen festival. Men dei to visjonære hadde slett ingen plan om lata Fresvik
verta åstaden for endå eit føretak til glede for Big Bang sitt management eller
ei mjølkeku for lokale og regionale storkapitalen (med unntak av produsentar av kjøleromsløysingar).

Lenge gjekk Lt. Skau og kunsthistorikaren frå Borgund svangre med sin visjon om ein festival for folket, lokalisert i Fresvik. Månadane gjekk og dei hadde for so vidt ikkje sett visjonen ut i livet
i større grad enn at dei hadde døypt den til Fres Festival, sendt ut ei massemelding på SMS til band med førespurnad om dei på universets dårlegaste vilkår kunne tenkje seg å spela. Dei hadde og byrja å laga merch.

Tida tok til å verta knapp. Våre to idealistar tok til å skjøne at dei trenge fleire folk på teamet. Kvar elles enn Systrondsbydgi, bygdi som med sitt høge utdanningsnivå funklar i det fjerne, fann dei mannen dei trengde for å få kabalen til å gå opp. Tusenkunstnaren og administrasjonstalentet Håvard frå Syrstrond vart henta inn på laget. Håvard fekk med seg Jocko, edderkoppen i det imperiale medienettverket som er Sogn Avis. Saman tok dei, via undergrunnskanalen P-Vest, til å pushe Fres Festival til det piratkulturhungrige folket i Sogn Indre. Det tok til å summa rundt
fenomenet Fres Festival.

Då det stod att to dagar til festivalstart reiste Festivalleiinga, som no var klart definert som eit trespann beståande av Lt. Skau, ein kunsthistorikar frå Borgund og tusenkunstnaren Håvard frå den fjerntfunklande Syrstondsbygdi, til visjonen Fres Festival sin fødestad; mellom dei fallerte driftsbygningane på Skausgarden i Fresvik. Saman skulle dei på mirakuløst vis klargjere festivalområdet med både skilting og sceneanlegg innan hordane av festivalpublikum tok til å strøyma til frå alle kantar. Til trass for sine opplagde manglar kva praktiske emne vedrører greidde dei å få både festivalområde og festivalcamp klar i grevens tid. Festivalen kunne ta til, visjon fekk sin fødestad…

Av Håvard Ese Eliassen
e-post: haavard.ese.eliassen@fresn.com
Publisert 20.02.2006