Min Stedje

av Gunnar Husabø

Olav Stedje er ein unik artist, ikkje berre fengjar han på tvers av generasjonar, han var óg landets fremste ambassadør for det såkalte vestkyst-soundet. I denne artikkelen tek shuffleconnoisseur og vestkystentusiast Gunnar Husabø føre seg dei mange musikalske høgdepunkta i den mangefasetterte karriera til Olav Stedje. Len deg tilbake, og “press play” på den tilhøyrande spelelista, la orda til Husabø ta deg med, slik Olav gjorde for 35 år sidan.

Olav Stedje ser du på Fres Festival, laurdag 30.juli, billettar kjøper du her!

Ta meg med

Olav i 1981 – berre lite vetta kjærleik

I det Per Kolstad sine el-pianoakkordar frå opningssporet Storbynatt fløymde ut av studiomonitorane i 1981, visste nok produsent og gitarist Svein Dag Hauge at Olav Stedje si debutplate Ta meg med kom til å ta publikum med storm. Det klassiske kompet med Per Hillestad og Rolf Graf — Noregs svar på Jeff Porcaro og Lee Sklar — skrur brytaren til medium funk og breiar ut eit varmt teppe av groove under Olav si fløyelsmjuke røyst. Og med det, var vår største yachtrock-helt fødd.

Temaet for songen, kjærleik, er eit leiemotiv i Olav sine tekstar. Kjærleiken kjem i mange former — ubesvart, tapt, begeistra, komisk og i varierande grad kjønnsleg. Den andre songen på debutplata, Jan Rolv Loftesnes si fornorsking av Loggins & Messina-låta Growin’ , har fått nettopp denne tittelen: Kjærleik. Hakket meir livleg enn originalversjonen, fortel Olav oss at «alle treng me litt kjærleik» (strofa vart og gjenteken på plata Vest for verdas ende 32 år seinare i half-time-shuffelen Lite vetta kjærleik).

Olav i 2013 — framleis berre lite vetta kjærleik

To andre yachtrockperler frå Ta meg med er Valentino og Gode vener. Førstnemnde er eit fascinerande studium i kva som vart rekna som attråverdig i 80-talets Noreg:

Du er fin, elegant
årgangsvin Macon Blanc
Express Card og båt på Tjøme
Se og Hør og bord på Grand
BMW og sommar-hus i Cannes

Men Olav ser seg sjølv i spegelen og konkluderer med at dette ikkje er heilt han. Og når han gjer det, får vi også servert den hittil einaste franske strofa som er å finne i Stedje-katalogen:

Don Juan, ikkje meg
ville gjerne vera typen
men eg e’kje tres charmant

På «Gode vener» viser han seg noko meir angrande til møtet med det andre kjønnet. Han møter ei dame «nede i Fjøra», som er «uskuldskvit og pen». Men til sist må han konkludere med at sjølv om dei kan vere i saman, kan i saman «vera så mangt» og at dei «gjekk alt for langt». Denne siste songen på plata sklir over i ein solo av Sigurd Køhn (saksofonisten som seinare fekk suksess i fleire ulike jazzkonstellasjonar er å høyre overalt på dei tidlege Stedjeplatene), og i outroen vrengjer gitarist Marius Müller av ein solo medan resten av bandet sakte fadar ned.

Stedje

Oppfølgarplata frå 1982. Om ein studerer biletet nøye, ser ein at jakka er av frotté (eller rett og slett ei badekåpe?)

Når vi snakkar om Fjøra, er dette ein stad Olav likar. Svært godt. På oppfølgjarplata Stedje (1982) børstar han igjen støvet av Loggins i den vare hyllesten til Sogndal Syng meg heim (original: Celebrate Me Home). Olav syng at «Fjøra er nok for meg», og han syng det så inderleg at vi har ingen problem med å tru han.

Stedje er så smekkfull av godbitar at det er vanskeleg å vite kva låtar ein ikkje skal trekkje fram. Årstidene får si fortente merksemd på Vinternatt og Sommar-song, og den snurrige melodien på Om du fér forbi står i ein interessant kontrast til den lett desperate teksten ført i pennen av TV-vert Ivar Dyrhaug.  Songen byggjer seg gradvis opp til ein instrumentaldel med David Paich-inspirert pianosolo (tenk Rosanna), understøtta av klapping og etterkvart synkoperte støyt frå bandet. Vintage West Coast.

Ein personleg favoritt for denne skribenten er Ta ein annan, med sitt særmerkte el-piano/piano/blåsar-riff. Akkurat kva songen handlar om, er litt uvisst, men truleg gjeld det damene, og Olav sitt noko ambivalente forhold til desse.

Når sola renn

Olav syner at han er ein avslappa fyr gjennom å tygge nonchalant på eit strå på coveret til Når sola renn (1986)

Utover 80-talet kom platene på løpande band, og diverre er det ikkje alt som er tilgjengeleg i strøymetenestene. Ein av dei store slagarane, som du vil finne på dei fleste Best-of-Stedje-listene, er Ein nordmann sin draum frå Når sola renn (1986). Opphavleg vart denne låta innspelt av Nitty Gritty Dirt Band og Linda Ronstadt. I Olav si omskriving vert linja «Voila! An American Dream» den udødelege «Olé, ein nordmann sin draum», og så bortetter:

kvar ein vinter utan ved eller straum
naor ei berre treng å blunda litt att
so slepp ein kulden her med mørke og skatt

No skal ikkje vi ta på oss jobben som Stedje-entreprisen sin rekneskapsførar, men vi vil gjerne påpeike at å sleppe unna skattefuten ved å dra på ferie til Syden verkar som ein noko dristig og kortsiktig plan.

Ei gåve til deg

Olav set fingen på drukkenskapen i Ei gåve til deg (1990)

I sitt andre tiår som artist, i 1990, gav Olav ut ei gåve til oss i form av plata Ei gåve til deg. I Nei ikkje no utforskar han dei mørkare sidene ved eit utsvevande kjærleiksliv:

Då eg vakna på sofaen
såg eg berre ei attlaten dør
Men eg hugsar ei dame med briller
som eg trur eg har sett ein gong før

Vi skjønnar at Olav føler seg noko hjelpelaus i møte med kvinna:

Ho snakka høgt om ein ferie
så knepte ho skjorta mi opp
Ho røyka Teddy med filter
og hadde ein freistande kropp

Han går vidare til ein av dei mest rocka låtane i katalogen, Eitt glas til. I dette rivande narrativet er ikkje problemet at damene er for nærgåande, men snarare at det å drikke seg til mot er eit tveegga sverd:

Eg veit godt ho merkar blikket
eg må ha litt meir å drikke
Eg skal få det slik eg vil
får eg berre eitt glas til
eitt glas til

Bot og bedring

Har han friidrettsbakgrunn, mon tru? (1995)

Bot og bedring i 1995 tok Stedje på seg hatt og boots og tok eit tydelegare steg uti køntrien (ein sjanger som han hadde lefla med i fleire av dei tidlegare utgjevingane). Kjærleikstemaet er likevel med vidare, som til dømes i frekkasen Pusekatt. Men her er protagonisten i sangen meir sjølvsikker enn vi er van med:

Sjå der kjem damer
Kom vetle pusekatt
få fløyte her hjå far

Kva fløyte det er snakk om er vi litt usikre på. Spørsmålet kan eventuelt rettast til tekstforfattar Arne Moslåtten (han med pennywhistle og Kangol-caps i Hellbillies).

Livstegn (og vidare)

På Livstegn (2006) utvidar Stedjen si kunstnariske spennvidde til også å omfatte modellerkitt

Etter nokre års opphald returnerte Olav Stedje til platemarknaden med Livstegn i 2006. Etter låtane å dømme (Helsetrøye), er han enno ikkje ferdig med å leggje seg etter damene, sjølv om han framstår som noko mindre elegant enn i sine tidlegare smokingkledde Grand Prix-dagar. Go get ’em Tiger!

Og Olav har haldt fram med innspelingane, inkludert ei liveplate som omfattar både nyare materiale og gamle travarar, bl.a. E18, som først vart spelt inn på Når sola renn, og som interessant nok også inneheld ein referanse til det utskjelte vekesmagasinet Se og Hør. [Oppdatert: etter nøye granskingar har det dukka opp ein tredje referanse til bladet: Tidlegare redaktør Knut Haavik er nemnt i andreverset på Alle rømmer bort frå byen nå (1986).]

Ikkje har eg kjøpt opp Kosmos
klatra i Mount Everest
Det er aldri meg dei hyllar når
Se og Hør har fest

Men vi, Olav, vi hyllar deg.

Rocken Bom

Rocken Bom

Rocken Bom vart utgjeven på plateselskapet På Norsk LL, eit nynorsk/dialekt-selskap som starta i 1982, og gjekk konk seks år seinare

Til sist ville det vore synd å gløyme Stedje sin ikoniske status innan barnesangsegmentet. På 80-talet fanst det knapt ein heim med målmedvitne foreldre som ikkje hadde gått til innkjøp av utgjevinga Rocken Bom (med tilhøyrande songbok frå Samlaget).

På månen bur ein liten mann, ein liten mann, ein liten mann
På månen bur ein liten mann, og han heiter Åkken Bom
Og han spelar på ei ause, ei ause, ei ause,
Og han spelar på ei ause, og han heiter Åkken Bom
Han har ein hatt av blautkake, av blautkake, av blautkake
Han har ein hatt av blautkake, og han heiter Åkken Bom
Og han spelar på ei ause, osb.
Og jakka er av kjøttkaker…
Og knappane er av rundstykke…
Han har ein vest av knekkebrød…
Og buksa er av krepp-papir…

Vyrdnad
Gunnar Husabø