Overlevingskurs i jazz for Fresn ’06

Jazz tyder (som så mange andre ord) “å ha seg”. Dette likar middelaldrande menn å fortelje, gjerne med ei mine som tyder på at dei sjølv føler seg meir virile etter denne etymologiske avsløringa. Samtidig er det noko ufarleg ved å påpeike at det eksisterte horehus i New Orleans for hundre år sidan.

Fresn 06 står i jazzens teikn. Med artistar som Arne Torvik Jazz Ensemble og Hegg på stein, kan det vere greitt å klemme gjennom eit treminuttarskurs i musikkforma. Her er noko av det våre største jazzfilosofar har sagt om emnet:

“Kjernen i jazzen er det prosessuelle – det dynamiske – som gjerne befordrer endring, hvilket betyr meningsforskjell og diskusjon; kvaliteter som trolig gjør at jazzen har en lys fremtid.” (Bjørn Alterhaug, Jazznytt des. 1999)

“Hornbriller var en greie for noen år siden! Og nå tror jeg det er litt kult med skjegg. Man må jo være litt raddis. Litt kulturpersonlighet.” (Arne Torvik, AKA, 2005)

La oss ikkje jakte gås her. Kjernen i det å diskutere musikk er “name-dropping”. Vi har plukka ut 9+1 essensielle musikarar med respektive, essensielle plater. Høyr for all del på platene, om de har lyst til det, men poenget er å nikke approberande når desse namna kjem opp. Ein viktig tommelfingerregel når ein skal høyre jazz, er å vere veldig skeptisk til musikk som ikkje vart spelt inn i New York mellom 1955 og 1965.

Sonny Rollins - Saxophone ColossusSonny Rollins – Saxophone Colossus (1956)
Sonny Rollins er den einast mannen i verda som kan spele calypso og bli teken heilt seriøst. På denne plata er mellom anna skulemusikk-klassikaren “St. Thomas”. Det vert sagt at Rollins har så god rytmekjensle at han kunne legge ned hornet, gå ut og kjøpe røyk, komme inn att og vite akkurat kvar han var i låten. Ein gang kom han ikkje inn att, men blei ståande på ei bru og spele i eit par år. Då han kom tilbake hadde han slutta å røyke.

Thelonious Monk - Brilliant Corners (1956)Thelonious Monk – Brilliant Corners (1956)
Monk sin musikk er mykje “plink, plonk”. Han spelte tonar som liksom ikkje høyrer heime nokon stad. Han var også kjend for å ha artige hattar. Han komponerte til dømes shclægerane “Blue Monk” og “Round Midnight”. Ingen av desse finst på “Brilliant Corners”. Derimot finst det pauker på denne plata.

Miles Davis - Kind of Blue (1959)Miles Davis – Kind of Blue (1959)
Denne er på alle slike lister; også her. Her spelar Miles med blant andre saksofonistane Cannonball Adderly og John Coltrane. Miles var tøff. Han likte slåsting, han likte dop, og han likte fine klede. 90 prosent av alle jazzanekdotar handlar om Miles. Kind of Blue er den mest kjende og mest selde av alle jazzplater gjennom tidene. Berre pass på å ikkje snakke for mykje om ho, så folk trur du ikkje har peiling.

John Coltrane - A Love Supreme (1964)John Coltrane – A Love Supreme (1964)
John Coltrane spelte lange og raske soli med Miles Davis. Når han byrja å spele for seg sjølv, vart dei lengre og raskare. Dentalhygienen til Coltrane var slett. Han åt for mange søtsaker, og pussa aldri tennene. Då han døydde 17. juli 1967 hadde han få tenner att. Coltrane vert gjerne rekna for å vere ganske spirituell, og “A Love Supreme” er tileigna Gud. Difor bør ein vere litt andektig når ein snakkar om ho. Elvin Jones spelar trommer som eit uver, og Øyvind Hegg-Lunde har helst på han. Elvin Jones hadde langt sterkare tenner enn John Coltrane.

Bill Evans - Waltz for Debby (1961)Bill Evans – Waltz for Debby (1961)
Bill Evans var også med på Kind of Blue. Noko av det spesielle med Evans, er at han var kvit. Dette ein pianotrio; ein av standardcomboane (combo = lite jazzorkester). Mange set pris på fråveret av blåseinstrument, men som ein lokal skribent og saksofonist sa i omtalen av Vigleik Storaas Trio sin konsert på studentkroa i Sogndal i 1998: “Det blir litt kjedeleg med berre tre stykker; dei kunne godt hatt ein saksofonist med seg.” Smaken er som baken.

Ornette Coleman - The Shape of Jazz to Come (1959Ornette Coleman – The Shape of Jazz to Come (1959)
Her snakkar vi avantgarde. Når folk byrjar å trekke fram kontemplative, enkle komposisjonar (sjå Davis, Miles), er dette plata du bør trekke fram: “Sjølvsagt er det fint med Miles, men Ornette Coleman – han er berre rå!! Litt meir ekte, liksom”. Ein plar gjerne seie at Coleman delte jazzverda i to leirar. Dei som var mot og dei som var for frijazzen. Ornette Coleman vart banka opp fordi han spelte så stygt. Dette fenomenet er heller ikkje ukjent i Lærdal. Her er det altså borga for krangling. Vel side og bli med i slagsmålet!

Mahavishnu Orchestra - The Inner Mounting Flame (1971)Mahavishnu Orchestra – The Inner Mounting Flame (1971)
Viss du eigentleg likar prog-rock, bør du sjekke ut Mahavishnu. Det står fram som ein surrealistisk blanding av eit garasjeband og eit garasjeband med fele. Bortsett frå at dei er teknisk overlegne. Men tru ikkje at alt John McLaughlin tok i vart til gull. Han spela inn ei berykta plate på byrjinga av 1970-talet saman med den like berykta Carlos Santana (a.k.a. “Ride the Golden Dragon”) der dei fritt tolka musikken frå “A Love Supreme”. Denne plata kan få elles fredlige jazzentusiastar med hornbriller til å bli veldig aggressive.

Keith Jarrett Trio - Standards Live (1984)Keith Jarrett Trio – Standards Live (1984)
I Noreg bør ein helst ikkje like amerikansk jazz spelt inn etter 1975 (dette har heilt sikkert ingenting å gjere med Vietnam, Ronald Reagan, George W. Bush og Irakkrigen). Mange gjer likevel eit unntak for Keith Jarrett. Plata må med på lista, fordi trioen – Jarrett, Jack DeJohnette og Gary Peacock – er svært populær. Dessutan har Jarrett jazzens mest profilerte grynting når han spelar. Det er fint det, også – på sin måte. Keith Jarrett tykkjer at alle som er dårlegare enn han burde gi seg med spelinga. Gary Peacock har vore i harnisk dei siste 15 åra, fordi ein annan bassist, Dennis Irwing, har teke gensaren hans (for prov, samanlikne Jarrett-trioen sin DVD “Standards Live” med John Scofield sin DVD “Live in Montreal”). Peacock er også kjent for å ha nekta å kompe Elvis Costello, grunngjeve med: “I ain’t gonna back up no pop star!”

Atomic - Boom Boom (2003)Atomic – Boom Boom (2003)
Atomic er delvis svenske, delvis norske. Publikum er gjerne ganske støyande på konsertane deira. Dei fleste jazzmeldarar i Noreg er overtydde om at det er verdas beste band. I utlandet er dei overtydde om at det er Skandinavias beste band. Nokre gonger er det roleg, nokre gonger er det raskt, og dei er veldig flinke til å slutte samtidig. Dessutan er det heilt naudsynt å vite kven dei er om du skal komme gjennom ein jazzdiskusjon med hovudet høgt heva.

I tillegg til den offisielle lista, må vi også nemne:

Wynton Kelly Trio + Wes Montgomery - Smokin' at the Half Note (1965)Wynton Kelly Trio + Wes Montgomery – Smokin’ at the Half Note (1965)
Eit velkjent faktum i jazzverda, er at gitarplater aldri kan komme med på “essensielle plater”-lister. Gitaristar i jazzen har mykje same status som bassistar i rocken, bratsjistar i klassisk musikk (og Knut Olav Haugen i dansebandet Joker). Dei er liksom ikkje heilt med i gjengen. Skulle du vere så uheldig å støyte på ein av dei, kan det likevel vere greit å ha eit namn i bakhovudet. Wes Montgomery spelar gitar på “Smokin’ at the Half Note”. Montgomery er jazzens svar på Apocalyptica: Etter nokre år som hard bop-gitarist gjekk han over til å spele Beatles med strykearrangement. Han slutta ikkje å røyke (sjå Rollins, Sonny), og døydde av hjarteinfarkt i ein alder av 43 år.

Av dine audmjuke jazzconnoisseurs; Gudmund Bolstad Skjær og Gunnar Husabø.
Publisert 27.02.2006