1. Gi “røyk” til søskenbarnet til Feilert for så å parkere han i bagasjerommet på caddien
  2. Tjuvkople det elektriske anlegget, og fóre Berta med straum (ho treng det)
  3. Spytte flammer, og andre spyttbare element (t.d spytt)
  4. Legge kabel. Det vere seg straum, vatn, eller berre ordinere ekskrement
  5. Sove i telt (gjerne i lag med nokon du liker, eller berre for å ete pølse)
  6. Røre ved bar hud
  7. Designe t-skjorte
  8. Prente t-skjorter
  9. Selje t-skjorter
  10. Fortelje dei andre at du også kjem til å lage t-skjorte neste år
  11. Laga andre rekvisittar, og følgje punkt 7-10, berre med andre produkt enn t-skjorter…
  12. La GPSen navigere deg frå Fresn og heim.
  13. La Gunnar navigere deg frå Fresn og heim
  14. La Gunnar fortelje ein ting eller to, om ein ting eller to. Han kan det nok
  15. Spørje Gunnar om kor det eigenleg var han fann stikkebagen
  16. Humre over det faktum at du allereie visste at svaret var: Under podiet
  17. Løyse ein knute, ei gåte eller eit kryssord
  18. Bli full
  19. Få hangover (bakskjetfyllja, for lesarar frå Sandane og omegn)
  20. Bli full ein gong til
  21. Eller ta seg ein vørter
  22. Bygge naturdass
  23. Bygge scene
  24. Plante bygg og havre
  25. Bygge steinovn og lage “ekte Italiensk pizza”! (gsus)
  26. Skade eit lem, eller reise til Lem og tilbake
  27. Ro ein gummibåt frå campen og ned til vatnet (NB! Det vil sei på gras og asfalt)
  28. Bære gummibåten oppatt til campen
  29. Konstatere at gummibåt eigentleg var meir stas når ein var 8 og skulle berre ro i vatn
  30. Ta det med ro
  31. Vere hovudårsaken til at Fresvik opprettar eige policesquad
  32. Vere den som tilkallar desse
  33. Bli arrestert av nyoppretta “Fresvik Police Squad”, og tilbringe resten av tida i hjå dei
  34. Arbeide for leiinga
  35. Innsjå at leiinga er ein gjeng med slavedrivande fascistar
  36. Innsjå at det blir ikkje Fresn utan leiinga, og bite tennene saman
  37. Få vondt i tennene på grunn av samanbitinga som arbeidet for leiinga medførte
  38. Tenke: Kven er eg? Kva gjer eg her? Ville Trygve Apalset respektert meg for dette?
  39. Tenke: Kven i helsike er Trygve Apalset?
  40. Køyre båt frå nærliggande metropolar (t.d. Frønningen)
  41. Spele i band, gjerne i Vulva
  42. Vere publikum, gjerne naken
  43. Få ein idé
  44. Forkaste ideen
  45. Få ein ny idé
  46. Utføre sistnemnde
  47. Ete mat (dette bør du gjere fleire gonger)
  48. Bytte namn.
  49. Bytte attende til ditt opphavleg namn.
  50. Lese Fresn Daily
  51. og, vitje www.fresn.com (om du framleis lever når Fresvik får WLAN)

Listemakar: Joachim Laberg
Publisert 17.04.2006