Fres 2010 hadde ikkje vore noko utan desse. Takk til:
Kaia, Sigrid, Mari og Vinden.
Ronny, Vegard, Ruben, Sigbjørn, Hans Ivar, Nina og resten av dei lokale heidersmenn- og kvinner som hjelpte oss med å rigge i stand bøen til festival.
Eldri for det over, samt god service på bui.
Reidar.
Veronicha, Tale, Marte, Agnese, Øyvind, Tora og Eilert for billettvakting.
Eirik, Erik, Mari og NTP for T-skjortetrykking.
Kirsten, Rosa, Torjus og andre som frivilleg stod i merchbui.
Siri, Astri, Anita, John, Jardar, Øydis, Eldbjørg, Aud og Rolf-Arne for fantastisk innsats som frivillege vakter, samt Arild Vie/VPS for godt vakthald.
Hans for lyd, Eivind for lys, Eirik for frakt av anlegget og generelt blodslit. Ingrid, Øyvind og Sæter Events for hjelp til rigging/nedrigging av anlegget. I tillegg, han ungdomen frå AVAB Cac som gadd å køyre til Vinje med ein kabel som mangla.
Syver for profesjonell svelesteiking.
Goggen for vatn, verprofetiar og lån av marki til rakettoppskyting.
Sæmund for lasting av bil og utrøytteleg innsats, velvilje og optimisme.
Robert for 440 km lastebilkøyring og uendeleg mykje mandig arbeid før, under og etter festivalen.
Vebjørn og Sølve for lastebilkøyring.
Ole-Håkon for det same og meir til.
Fresvik Produkt for lån av lastebil og kjølerom, Meieriet for lån av scenebarrikadar, Digital Etikett for etikettar, Fargerike for malingsspons, Vikja for artistmat, Vik Sparebank for stønad og lån av bankterminal, Sogn Avis for annonseplass og Røyrvik bygg og betong for rabatt på golvplater.
Øyvind og Magnar for Radio Fres.
Artistar og publikum.
Jon og Elisabeth for alt.