Eit heilhjarta TAKK til dykk som gjorde Fres 18 mogleg

Publikum fredag. Fres 18

Puh, Fres 18-skuta har no segla inn i historiebøkene. Og for eit kapittel i Fres-historia vi har fått vere med på! Dei som som sytte for ei trygg sjøsetting og ein rekordknusande seglas var:

  • Jon og Elisabeth som stiller garden til disposisjon og attpåtil legg ned fleire arbeidstimar før, under og etter festivalen for å få arrangementet til å gå i hop!
  • Stig som i år igjen har levert artistmat av beste slag
  • Besteforeldre generelt sett for å vere så strålande hjelpsame og tolmodige som dei er
  • Pål og Rikke som har løfta artisthandtering og stage management til eit nytt nivå
  • Kaia, Mari, Helene, Trude og Maren som ikkje vel å flyte på “damene bak fres”-larubær, men stiller opp og legg for dagen ein innsats som både er uvurderleg og for mangfaldigtil å liste opp her
  • Håkon, Sigri og Øyvind for prima sights & sounds
  • Syver for rigging, bartending og grilling. Og sjølvsagt for å sette sitt helbred i fare for underhaldningsverdien av det.  
  • Bjørn for å handtere alle små og store transportutfordringar (og nær sagt alle andre slags utfordringar) som dukka opp i løpet av helga.
  • Bjørg og hennar frivillige for å stå tidleg opp og smøre baguettar til innkomande artistar
  • Geir og Petter for legendarisk festivalbar
  • Sigbjørn, Ruben og Dag Einar for spektakulære guida turar!
  • Kristin, Endre og Kjartan for å gjere Radio Fres så bra at ikkje eingong rekordvarme fjordbadtemperaturar kan halde publikum vekke frå dagunderhaldninga
  • Åsmund for fantastiske bilde
  • Nann Ingunn og Fresvik Taxi for all køyring
  • Frøys Hus for overnatting.
  • Geir Ove for å vere ein drivande dyktig røyrleggjar og generell good-guy
  • Astri for å ordne madrasser til ungdomshuset
  • Alle dei andre frivillige som brukte av dagar og kveldar for å stille opp for arrangementet.
  • Ole Håkon for lån av hus
  • Bjørn Tore for lån av stage piano (for andre år på rad!)
  • Joar og Balder for flytande næringsmiddel
  • Øyvind Tørvi og Digital Etikett for frekke flaskeetikettar
  • Roger og dei andre på NTP i Gaupne for å gi oss verdas beste trykk
  • Våre sponsorar Linn bad, Sognekraft, Fresvik produkt og Blix Overnatting
  • Dei vi har motteke stønad frå: Vik kommune, Kulturrådet, Sparebankstiftinga og Vik Sparebank
  • IL Modig og Ungdomslaget
  • Lerum for saft og syltetøy
  • Dei som stiller frivillig opp for å rigge og rydde før og etter festivalen. Ein spesiell takk går til Bjørnar, som la for dagen ein formidabel ryddeinnsats i etterkant.
  • Alle artistane
  • og ikkje minst: publikum! Ingenting gledar eit festivalhjarte meir enn ein bø som er smekkfull av entusiastiske konsertgjengarar. 

 

Og sjølvsagt: takk til alle vi av ein eller anna grunn har gløymt å takke!

 

Lars Tore   Per Christian   Håvard   Gunnar

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *