Opningstider på bui under Fres 18

Bui i Fresvik, også kjent som Coop Marked Fresvik, held ope alle dagar under Fres, inkludert søndag! Lokalisert på kaien like nedanfor festivalområdet, er denne kooperative oasen blant bygdas viktigaste institusjonar; ikkje berre i si primære rolle som utsalsstad for daglegvarer, men også i si rolle som sosialt samlingspunkt for frevikjene.

Bui finn du ved kaien i Fresvik

Fres Festival har ein stolt tradisjon med å støtte bui og deira eksistensgrunnlag. Og difor seier vi, som alltid: Kjøp brusen din på bui!

Opningstidene er:

  • torsdag: 10-18
  • fredag: 10-18
  • laurdag: 10-18
  • søndag: 10-15