Kva får ein eigentleg for 1199 i våre dagar?

,

Festivalpasset til Fres Festival kostar som kjent 1199,-. Vi i festivalen meiner sjølvsagt at dette er ein god pris, men ikkje ta vårt ord for det. Lat oss gjere litt nettshopping og sjå kva ein kan få for denne summen.

Nordlands historie bind 1-3Nordlands historie utgitt på Fagbokforlaget i 2015 er eit verk som gjennom tre band tek oss gjennom historien til landets tredje nordlegaste fylke. Du får den på Haugen bok for 1199,-.

 

Om du ikkje likar lokalhistorie, kan det hende du likar klede? For 1199 har du nok ikkje råd til denne brune bomulls-T-skjorta som vi fann på Internett. Men du kan jo slå deg i lag med to kompisar, og så kan de dele på skjorta og kostnadene. Nei, vent. Toll- og skattemyndigheiter skal jo ha sitt, så de må nok vere 4 stk.

 

PASTATALLERKEN 25CM 4PKPOTETSKRELLEREr du i det kulinariske hjørnet kan du jo svippe innom Christiania Glasmagasin. For 1199 får du ein pastatallerken pluss ein potetskrellar i bonus!

Andre ting du kan kjøpe er eit spann maling, eit ipad-deksel eller ein arbeidstime på ein bilverkstad.

Eller… du veit, du kan jo berre kjøpe billett til Vestlandets beste festival, og få tre dagar med fantastisk musikk og stemning. Nemnte vi i tillegg at camping kostar kr 0,-, parkeringsgebyret vårt er kl. 0,-, og at vi har har landets billegaste festivalbar??

Foto: Sadan Ekdemir