Fres takkar vyrdsamt

,

Fres 2017 er over. Det overgjekk alle våre forventningar, og vi takkar på det aller, aller inderlegaste:

  • Jon og Elisabeth som stiller med gard og grunn, for ikkje å snakke om hundrevis av timar med arbeidsinnsats for festivalen
  • Stig og Kelly for non-stop kokkelering til artistar og friviljuge
  • Besteforeldre generelt sett for å vere så strålande hjelpsame og tolmodige som dei er
  • Kaia, Mari, Helene, Trude og Maren som gidd halde ut med oss år etter år, og på toppen av det gjer ein vel så bra jobb med gjennomføringa som oss sjølve
  • Ole Håkon og Jostein for nok ei utviding av scena
  • Pål og Rikke som styrer scene og artistar med (kjærleg) jernhand
  • Håkon, Jenny og Øyvind for å gjere lyd og lys extraordinare
  • Syver for bartending, slapstickhumor, rigging mm
  • Grill-Kristian for Antibac, rigging, bildetaking og, sjølvsagt, utrøytteleg grilling
  • Bjørn for å alltid vere klar til innsats
  • Daniel Fredheim for køyring av lyd- og lysanlegget frå Bergen, og ovannemnde Ole Håkon for å køyre det attende.
  • Bjørg og hennar frivillige for å stå tidleg opp og smøre baguettar til innkomande artistar
  • Geir og Petter for levering av festivalnoregs trivelgaste bar-oppleving
  • Braut og Kari for å tende artistbaren på ypparleg vis
  • Kristin, Endre og Kjartan for å skape nye publikumsrekordar på Radio Fres
  • Sadan for fantastiske bilde!
  • Nann Ingunn og Fresvik Taxi for all køyring
  • Frøys Hus for all artistovernatting
  • Hans Ivar for all mogleg hjelp av alle moglege slag, samt Eirik for å traktera gravemaskina hass
  • Eldri som har sagt seg villeg til å telje pant for n’te året på rad
  • Julie for å setje opp pisserenne nummer to
  • Mari H for merch-assistanse
  • Geir Ove for å vere ein drivande dyktig røyrleggjar og generell good-guy
  • Astri og Anne Sigrid for ordning av madrasser i bøttevis til ungdomshuset
  • Alle dei andre frivillige som brukte av dagar og kveldar for å stille opp for arrangementet.
  • Joar og Balder for flytande næringsmiddel
  • Øyvind Tørvi og Digital Etikett for frekke flaskeetikettar
  • Roger og dei andre på NTP i Gaupne for å gi oss verdas beste trykk og låne oss trykkemaskin gratis!
  • Stian på Fargerike i Sogndal for måling
  • Våre sponsorar Linn bad, Sognekraft, Fresvik produkt, Accountor og Blix Overnatting
  • Dei vi har motteke stønad frå: Vik kommune, Kulturrådet, Sparebankstiftinga og Vik Sparebank 
  • IL Modig og Ungdomslaget
  • Lerum for saft og syltetøy
  • Dei som stiller frivillig opp for å rigge og rydde før og etter festivalen.
  • Alle artistane som til saman utgjorde tidenes beste Fres-program
  • og ikkje minst: publikum! Dess lenger framme du stod under konsertane, dess meir takk!

Og sjølvsagt: takk til alle vi av ein eller anna grunn har gløymt å takke!

आभारी हुँ

Per Christian – Håvard – Lars Tore – Gunnar