Oui Oui Oui! Lemaitre bekrefta til Fres 2017!

Men inn i helsevesenet! Lemaitre tek turen til Fres Festival 2017! Det same gjer Ungdomskulen, Hajk, Junk Machine, Misty Coast, Knekklectric, Teddy Touch og Girson! Sommaren er sikra – Fres Festival 2017 er komplett!

Då har det endeleg klokka seg inn til ferdig booka Fres Festival! Dermed er det berre ein ting å gjere, nemleg smelle fjeset sitt inn på første og beste internett, klinke til med ein billett og so sette seg i hagen og niventa på at siste helga i juli skal komma til deg. På ny skal vi smørje livet tjukt utover, på ny skal vi slå opp telt med det same vi kjem fram, på ny skal vi drikke i oss heile den sublime skylinen som omkransar Skausgarden og sjå Leiknager funkla i det fjerne medan vi dansar oss inn i daggryen ute på den nyslegne bøen. Og ikkje berre det! Jaggu blir det konsertar og greier óg!

Lemaitre

Direkte inn frå livet kjem elektronikaduoen Lemaitre. Dei siste åra har dei gjort seg bemerka som det heimlege svaret på kontiental kvalitetselektronika,  meint for dei aller største klubbane, og dei aller største hendingane. Sia oppstarten i 2010 har Lemaitre gitt ut heile 7 plater, og levert ein stødig strøm av radiohits. 2016 var året det verkeleg starta å dra seg til for Lemaitre, med mellom anna speling på den Fres-aktige festivalen Coachella i Sambandsstatane. Klar for tidenes kubboramralama? Booom – Lemaitre på Fres 2017!

Ungdomskulen

Trioen Ungdomskulen burde vere kjent stoff for alle som likar awesomeness! For her snakkar vi tiårets, kanskje femtenårets! beste liveband. Dette aldri kvilande trinnet på utdannignsstigen slapp for ikkje så lenge sia singelen Touch Down, og dei jobbar no dag og natt med å gjere ferdig sin nye langspelaren sin. 2017 er ikkje berre året Ungdomskulen spelar på Fres, det er óg tiårsjubilem for den sagnomsuste debuten Cry-Baby frå 2007, og ikkje minst åtteårsjubilem for den gong trommis Øyvins Solheim gjekk gjennom scenegolvet på Fres, midt i ein ekstatisk jamblock solo. All grunn til bekymring med andre ord!

Hajk

Du har band som slepper debutalbum, og så har du Hajk. Skilnaden på desse, er at når Hajk først gjer det, så er det til slik ei endelaus jubel frå dagspressa at det nesten går over alle støvleskaft. Med finfine singlar som “Magazine” og “Common sense” ser det altso ut til at Hajk har truffe noko av ei nerve i kritikarkorpser, og det skulle ikkje gå lenge før Hajk fekk moglegehita til å spre sin freidige miks av indie og kommerspop til massane. Bandet hadde nemleg knap fått sett på kaffitraktaren på øivingslokalet før festivaltravarar som Slottsfjell og Øya hadde meldt si interesse. Men du treng ikkje reisa lenger ein ein tur ned på bui, og so litt oppatt bakken for få med deg Hajk i år, dei tek nemleg turen til årets Fres og det vert heilfrekt for å sei det rimeleg mildt!!

Knekklectric

Sjeldan har jübelen stått så høgt i taket på bookingavdelinga som dagen det vart klart at sjølvsate Knekklectric er klare for Fres Festival 2017. Dette stop at nothing progpopbandet frå Ålesund (+ ein sogning) har nemleg gjort seg skuldige i å sleppe to av dei beste platene sidan forrige gong to skikkeleg bra plater vart sleppt! Ingenting å melde (2014) og For mange melodia (2017) er stilstudier i sjølvinnsikt, sosialrealisme frå Nørvevika og ikkje minst heilfrekk låtskriving. Med både Knekklectric og El Doom ATBE på plakadoisen, ser det ut til at årets Fres vert meir progressiv Bernie Sanders etter eit brett med Red Bull! Det er med andre ord berre å halda seg fastlege!

Misty Coast og Junk Machine

Ingen Fres utan rikeleg med kvalitetsband frå Bergen – vestlandshovudstads-hovudstaden! I år har vi gleden av å ha innom Misty Coast, ein duo – som óg er ein trio (!) – beståande av Richard Myklebust og Linn Frøkedal frå Megaphonic Thrift (og ein drøss andre band). Med seg på trommer har dei den den danske romanforfattaren Kim Småge! Det vert herleg svenvande pop når Misty Coast entrar hovudscena på Fres Festival 2017!

Junk Machine tek turen med sin herleg syrete rock! Som ein biltur langt inn i ein film frå 1975, tek Junk Machine deg med gjennom livet og inn i konserthimmelen!

DANCE DANCE DANCE  – Girson og Teddy Touch!

Som vanleg! Som uvanleg! Fres Festival bygger Fresvik om til nordeurpas feitaste klubblokale. I år som tidlegare år – back by popular demand – kjem både Girson og Teddy Touch for å ta kvar sin kveld med episk klubbmusikk. Skatebård er allreie booka, så her er det berre å kvessa danseskoa for 3 kveldar med beast mode!

Snakkast siste helga i juli!

Jess! Der har de det folkens! Fres 2017 er på veg – fli deg billett i dag!

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>