Spenn fast setefødlsane! Stein Torleif Bjella er klar for Fres Festival 2017

, ,

Allright! I dag vart det klart at sjølvaste Stein Torleif Bjella er klar for Fres Festival 2017! Og ikkje berre han! Spidergawd, The Switch, El Doom and the Born Electric, Skatebård og – skulle du sett: dei gamle rakkarane i The Generous Days!

Spenninga har vore til å på det frekkaste ta og føle på i Fres Festival sitt bookinghovudkvarter dei siste vekene. Som vanleg er det lagt ned overtidstime ut og nattetime inn for å få på plass dei avgjerande bitane som til saman utgjer det vi må kunna kalla eit kunstverk av eit bookingpuslespel! Det var difor spart på korkje smakssett mineralvatn eller blomeoppstasar då det på tradisjonelt vis var duka for pressekonferanse.

Stein Torleif Bjella

– Det er heva over revisjon at Stein Torleif Bjella levarar noko av det stødigaste handverket innan framstilling av vaklevorne skjebnar frå landsbygda. Desse korte livshistoriane ikler han sine mørkvakre viser og framfører dei i lag med sitt eminente band. Dette vert over kanten bra feitt, men vi vel å ta sjansen seier ein ressursterk Gunnar Husabø frå festivalleiinga, medan han strekker seg nonchalant over det litt for smale konferansebordet der to flasker Farris med mango og papaya ventar med lovnad om umiddelbar forfriskning.

Spidergawd

Ikkje berre viser på Fres i år! Dei blodtrimma trønderane (og ein totning) i Spidergawd tek og turen. Det er sagt at dei har planar om å bruke bøen som ei slags tvåge, dyppe denne i ei alvorleg bøtte med tung tung rock og vaske heile Fresvik reint for eventuell mangel på groove!

Spidergawd er noko av det feitaste som har kome ut av midtnoreg dei siste ti fireåra! Med frekke LPar som høvesvis I, II, III, og no berre for få dagar sidan IV, har Spidergawd dei siste åra banka seg inn i norsk rock på ein måte som er meir overbevisande enn Hercule Poirot rett etter at han har samla alle karakterane i slutten av episoden.

– Og so har dei den beste trommisen i landet – det er heva so høgt over tvil at ein kan seia det heilt utan å bruka, med mindre ein vil motseia seg sjølv i form sovel som innhald, innskotne setningar, knirkar det frå Husabø idet ein kan høyra den avslørande lyden av kolsyre som vert sleppt fri frå sitt dildoforma plastikkfengsel.

The Switch

Dersom du elskar både awesom musikk og ein enkel måte å skru ting av og på på (på), så kjem du til å elska The Switch! Og du er slett ikkje åleine. Andre som elskar The Switch er alle, i tillegg til juryen for Spellemannsprisen (du kan ta eventuelle innvendinga mot/korrigeringar av skrivemåten og føra den inn) som gjekk so langt som å tildela nettopp The Switch Spellmannsprisen 2016 i den spissfindige kategoroien “Indie” for deira seinaste fonogram: “The Switch Album”!

– The Switch lagar kvalitetsmusikk! Ta med deg kvalitetsfjeset ditt og opplev perfekt harmoni mellom musikk og eige fjes! Dette er ei moglegheit du ikkje vil gå glipp av, seier Gunnar Husabø idet flaskeopninga startar tek til på stiginga frå bordet og opp mot drikkeholet.

El Doom and the Born Electric

Prog er tilbake! Det er ikkje for ingenting at det vert jubla over det ganske Fresvik når nyhenda om at El Doom and the Born Electric tek turen til årets Fres droppar i dag! Med crisp trommelyd, alt for feit vreng og kriminelt kule låtar styrer El Doom sjølv progskuta over havet og like til kais i det forjetta rockenerdeland. El Doom and the Born Electric arbeidar for tida med oppfølgjaren til den sjølvtitulerte brakdebuten frå 2012, og det er venteleg at dei kjem til å krydra sette hovudrettssize smakebitar frå dette.

– Sjukt feitt band! seier Husabø med turr hals, men med den sprudlande redningen like innan rekkevidde no.

Skatebård

Torsdagssvingen returnerar! I år som dei siste mange åra gjer Fres Festival Skausgarden om til det største klubblokalet  i heile Fresvik! Først ut i 2017utgåva av Fres er ingen ringrevare enn Skatebård – kjent frå både Sidebrok, Ørsta og fjøsen. Blir aaawesom!

– Her skal det dansast folkens, seier Gunnar Husabø frå festivalleiinga, flasketuten har no oppnådd fysisk kontakt med kjeften.

The Genereous Days

Verda står no offisielt ikkje til påske! Den andre reunionen – like usannsynleg som den den første – til bandet som tok NRK Sogn og Fjordane med storm back in the day er nok attende for å levvera sine sticky refreng og gladgroovande vers til det vi må anta vert ein ekstatisk crowd, boren fram frå jorda på ei bølgje av nostalgi og dånnngrishortsar. Fres Festival vert det einaste høvet til å gjenoppleva The Generous Days i sumar! Ta turen, eller ta grep i kvardagen!

– Dette bandet VEIT eg er bra, for dette bandet spelar eg i sjølv! seier Gunnar Husabø i det han endeleg, endeleg kan skylla ned ein lang pressekonferanse med ein velfortent slurk Farris med ein dråpe [sett inn smak].

Så der har de det folkens! Ikkje gløym å fli deg ein billett!