Ryddejon

Takk for Fres 2016!

Fres Festival 2016 er over, og for ein Fres det vart! Vi vil på det djupaste takka alle som var med å gjera det heile til ein fest av det ekstravagante slaget!

Takk!

  • Jon og Elisabeth
  • Kaia, Mari, Helene, Trude + alle ungane
  • Stig og Kelly for kokkelering til artistar
  • Jostein, Ole Håkon og Ronny for utbygging av scene, bygging av lydbu og ein ekstra dose med straum. Ektstra takk til Ole Håkon for køyring av lydanlegg frå og attende til Bergen!
  • Bjørn for utrøytteleg arbeid før festivalen og generell problemfiksing under festivalen
  • Pål, Rikke og Lars-Andreas som tidenes scene- og artisthandsamlingscrew
  • Hans, Håkon, Øyvind og Erik for lyd og lys extraorinare!
  • Tord for matlaging til dei friviljuge og produksjonscrew
  • Eldri, Julie og Siri for intens bagett-smøring
  • Syver for tung innsats før festivalen, og for episk drikketolking av Olav Stedje 
  • Sunni for 24-7 barnevaktinnsats
  • Stian for utmerka chaffeurtenester
  • Vegard for den fantastiske ausa
  • Alle artistane for forrykande konsertar
  • Braut og Kaupang for bartending
  • Endre og Kjartan for Radio Fres
  • Kari for bilder og film
  • Nann Ingunn og Fresvik Taxi for køyring hit og dit heile tida
  • Stian på Fargerike i Sogndal for måling til utbygd scene og ny lydbu
  • Takk til sponsorane våre: Vik Elektro, Highsoft Solutions, Accountor og Fresvik Produkt, som har gjeve oss pengar.
  • Takk til dei som har sponsa oss med materiell: Sæterlid, Sognekraft, Holen, Jatak og Balder
  • Takk til Frøys Hus og Blix Overnatting for artistovernatting
  • Takk til dei vi har motteke stønad frå: Vik kommune, Kulturrådet, Vik Sparebank og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Takk også til:

  • Eldri og pantecrewet for utmerka oppteljing av årets pant (i år igjen:)
  • Hans Ivar for graving, traktoring, båting og andre ting
  • IL Modig og Ungdomslaget
  • Bjarte og Julie for nyutvikla pisserenne
  • Alle frivillige for topp innsats
  • Jardar for sagflis
  • Alle dei lokale Fresvikjenes som hjalp til med rigging før og etter festivalen.
  • Mari H for assistanse i merch-teltet
  • og ikkje minst: publikum! Takk til alle som kom og gjorde dette til ein megafest!

Og som vanleg: takk til alle vi av ein eller anna grunn har gløymt å takke – vit at vi tenkjer på deg store delar av døgeret, vi er berre ikkje klare over det sjølve. Men tusen takk til deg likevel!

Vyrdsamt

Per Christian – Håvard – Lars Tore – Gunnar