MaggioPress1_Dan_Monick

Veronica Maggio til Fres! Siste slepp!

Ei av skandinavias største popstjerner, Veronica Maggio, er bekrefta til årets Fres Festival, saman med Västerbron, Girson, Hester V75, TYYL! og Bombeklüchter er Fres Festival 2016 komplett!

Veronica Maggio står bak hits som “Snälla bli min”, “Hela huset”, “Välkommen in”, “Jag kommer” og “Satan i gatan” og er ein av Sveriges mest prisbeløna artistar med fem Grammis, to P3 Guld, tre Rockbjörnen og tre Gaffa-prisar. Den siste prisen ho mottok var på P3-Guld gallaen, der ho vart stemt fram av svenske P3 sine lyttar som årets beste live act/Guldmicken.

Veronica Maggios er for tida aktuell med sitt femte album “Den första är alltid gratis” som inneheld mellom anna singlane “Den första är alltid gratis” og “Vi mot världen”. Dagens Nyheter gir plata 4 av 5 og skriv at ho er ”en röst för sin generation”.

“- Det er uverkeleg at me har fått Veronica Maggio til Fres, ein artist av hennar dimensjonar er stadionmateriale” seier festivalsjef Gunnar Husabø. Festivalen som har halde det gåande sidan 2005 på garden Skau i Fresvik, er i fylgje Husabø den perfekte ramma for Maggio. “- Publikum kjem til å få ei ugløymeleg oppleving, det er sjeldan ein får så fint besøk til gards”.

Bru og veddeløp

Fleire artistar er klare for Fresplakaten, eit av banda det knytter seg særleg spaning til i leiinga er svenske Västerbron, poppunkbandet frå Stockholm. “- Etter å ha sett desse gutta live, var det liten tvil om at me måtte få dei til Fresvik” seier Husabø. God stemning blir det utvilsamt óg når rapkollektivet Hester V75 frå Bergen entrar scena. Hiphop-gruppa er kjent for sitt energiske uttrykk, noko som har landa dei jobbar på mellom anna by:Larm og Slottsfjellfestivalen.

Attersyn

Etter ein liten Frespause er endeleg TYYL! attende på Skausgarden. Dialektrockarane har nyss gitt ut EP´en “Kienzlewaar”, og Fres lovar tidenes TYYL!-show. Gjensyn blir det óg med DJ Girson, kjent mellom anna frå bergensrapgruppa A-Laget. Som dei to siste åra, skal han forvandle bøen om til Fresviks frekkaste nattklubb. Ja, og pønkarane i Bombeklüchter opnar tradisjonen tru festivalen.

Radio Fres er som alltid på plass, og sikrar dagtidunderhaldningen. Endre Aasebø og Kjartan Ericsson, kjent frå Kirketid (P3) og Stjernepose (P13), kjem til å levere humor på olympisk nivå, med kjente innslag som “På grensen til allsang” og “Lege uten genser”.

“- Fres 2016 blir tidenes Fres, det er det ingen tvil om. Kvaliteten på årets program tar festivalen til nye høgder, og hadde eg ikkje vore arrangør, så hadde eg vore kjapp med å kjøpe billett” avsluttar Husabø, som gjer seg klar for sumar og festival i Fresvik, siste helga i juli.

Billettar får du kjøpt her

Årets program: Veronica Maggio, Honningbarna, Olav Stedje, Daniel Kvammen, Västerbron, Sweden, Frøkedal, Electric Eye, Bloody Beach, Hester V75, TYYL!, The Good The Bad and The Zugly, NRWY, Dig Deeper, Girson, Teddy Touch, Bombeklüchter.