Boooom! Olav Stedje til Fres Festival 2016

, ,

Då er det faktisk eit faktum folkens! Sjølvaste Olav Stedje gjestar årets Fres Festival. Det same gjer Electric Eye, Bloody Beach, Dig Deeper, NRWY og Teddy Touch.

Den første – den største

Fres Festival 2016 tek begrepet lokal artist til nye høgder. Det er no bekrefta at den originale popstjerna frå Indre Sogn – Olav Stedje – tek turen til Fresvik og Fres Festival siste helga i juli 2016. Olav stiller med fullt band, og kjem til å servera topphylle-låtar frå sin ekstremt rikhaldige katalog. Konserten vert ein av dei største produksjonane Fres Festival nokon gong har begitt seg utpå, og den vert ei storstilt feiring av karriera  til ein av dei største artistane Vestlandet nokon gong har fostra.

Vi vandrar saman i 35 år

Olav Stedje sitt gjennombrot kom med “Vi vandrar saman” i 1981, og han har fulgt opp med popperle etter popperle sidan. Som landets fremste leverandør av vestkystsoundet, har Stedje klart å fange øyra til generasjonar, og alle har garantert funne si favorittstedjeperle!

Fres Festival lovar ein hitparade utan like i det vår regions Michael McDonald entrar scena i Fresvik. “- Me kjem til å dra på med eit show verdig ein konge, for det er jo det han på sett og vis er”, seier festivaloberst og sjølvproklamert purdieshuffleentusiast Gunnar Husabø, i det han slurpar i seg det siste nye av vitamintilsett kjeldevatn frå inste Nordfjord.

Flytt deg, Kenny Loggins, det er ein ny sheriff i byen, Stedje, Olav Stedje.

Psykedelisk spacerock frå Electric Eye!

Fres Festival kan óg gledeleg meddele at årets bylarmvinnarar Electric Eye, med batterist og borgynd Øyvind Hegg-Lunde, kjem til gards. Med seg har dei det kritikarroste albumet “Different Sun”, som dei allereie har rukke å vise fram på turné både i Sambandsstatane og i Japan.

Dansbar shiiii med Bloody Beach!

Meir psykedelia blir det med bergenskvintetten Bloody Beach, som garantert vil få igong heftig hoftevrikking på Skau. Bloody Beach har turnert i både Spania, Tyskland, Nederland og England, så då høver det seg at Fresvik er neste stogg på turen.

Topp lokal stemning frå NRWY!

Som seg hør og bør leverar Fres Festival óg lokale godbitar. NRWY, som i februar kom med andrealbumet “Not Now”, vitjar scena i Fresvik og lovar å levere som aldri før.

Dig deeper har med seg gitarar!

Dig Deeper frå hovudstaden kryssar óg fjellet til Fresvik, med seg har dei gitarrock som har blitt hylla som “noko utenom det vanlege”, og festivalleiinga stiller med stemningsgaranti!

Dans, dans, dans oppå bøen

Publikum på Fres Festival kan glede seg over at det også i år kjem til å bli rydda plass til dansegolv etter at konsertane er over. Nytt av året er konseptet “Torsdagssvingen”, som i år blir vitja av Bloody Beach. “Me tenkte det kunne vere kjekt å få vrikka på dansefoten til live musikk” seier festivalsjef Lars Tore Skau. Dei to neste kveldane blir fylt med heftig dansemusik fra mellom andre klubblegenda Teddy Touch.

Dermed er følgande arstistar so langt bekrefta til Fres Festival 2016

Fli deg billett i dag!

Billettar får ein kjøpt via billettservice.no, og ifylgje lokale spåmenn skal det også bli særs godt vér i år. Lite da bli fullt?!