danielkvammen

Fres Festival 2016 – da bli!

Intensjonsavtalar til sides! Endeleg ekte nyhende frå Fresvik i Vik kommune! Honningbarna, Daniel Kvammen, Sweden, Frøkedal og The Good The Bad And The Zugly er klare for Fres Festival 2016! 

Då er det i gang folkens! Den 11. årlege Fres Festival sparkar i gong festivalsesongen i Fresvik torsdag den 28.juli og varar i tre herlege dagar, i det som har blitt kalla sumarens vakraste eventyr i den idylliske perla ved Middagshaugens fot. Ubemerka av den siste tidas rykter om kommunesamanslåing av utanomfylkeleg slag, har leiinga gjort klar eit lite kobbel av artistar til eit såkalla artistslepp.  

Honningbarna

Eit av landets mest hardtslåande band kjem til gards, og med litt av ein historikk bak seg. Etter å ha gitt ut den kritikarbejubla debut-EPen “Honningbarna” i 2010, fulgte bandet opp med å vinne tevlinga Årets Urørt i 2011. Etter det har dei sluppe ikkje mindre enn tre fullengdarar som alle har hausta toppscore i musikkblekker og tabloidar frå Lindesnes til Nordkapp. Under P3Gull rett før nyåret vant bandet prisen for “Årets liveartist”, noko som lovar godt for sumaren.

Svenskar og hallingar

Om du har vore i nær prokisimitet av ein radiomottakar det siste året vil du uungåeleg ha fått med deg den megajoviale hallingen Daniel Kvammen, som med sine eigne ord hevdar at nettopp du fortjenar. Fres Festival tek mannen på ordet og leverar folkekjær halling til folket!

“Me oppmodar alle til å få på crewnecken og synge med” kjem det spontant frå festivalsjef Lars Tore Skau, smilande, med ein heimekarbonert drikk smakstilsatt med mango og papaya i hende.

Jovialitet får du óg med Sweden som returnerar til Fresvik etter triumfen i 2013. Med ein uovertruffen meloditeft har bandet ploga inn som ein favoritt på den “eg-er-nesten-vaksen”-venlege radiostasjonen P13 (DAB og internett). Informerte røyster hevdar at popgruppa kjem med ein fullengdar som fylgjer opp den nynnbare singelen “Just a kid” frå like etter nyåret.

Folksy Frøkedal

For personar med over middels interesse for musikk er Anne Lise Frøkedal eit kjent navn. Som stødig leverandør av kvalitet i årevis med mellom anna Dharma, Harrys Gym (Fres alumni) og I Was A King, vitjar ho Fresvik for andre gong, denne gongen med sitt eiget prosjekt, Frøkedal. Dette er så aktuelt som det kan bli, den nye plata hennar, “Hold On Dreamer”, kom i butikkhyllene 26.februar, og har, ikkje uventa, motteke strålande kritikkar, i DumDum Boys sine ord, over heile linja. “Dette blir storveges!” seier ein croissantsmuleplukkande Skau.

Pønk! Direkte frå Hadeland!

Fres Festival har alltid vore ein stabil leverandør av pønk i frekkaste toppklasse. Slik vert det i år óg – og landets fremsta garantist for denslags no for tida er Hadelandskjekkasane i The Good The Bad And The Zugly. TGTBATZ er fortida blodig aktuelle med den heilfrekke langspelaren Hadeland Hardcore, ei plate som var belønna med nominasjon til den ikkje ukjente Spellemannsprisen i kategorien Rock. I tillegg har dei i det siste svinga seg opp med ein flett ny vokalist: Ivar Nicolaysen, kjent frå Silver, eit anna berømt slagskip som segla det vérharde norske pønkehavet på 2000-talet.

Billetsalet startar kommande mandag!

Dei siste to åra har Fres Festival vore utsolgt, og folk har måtta snudd i grinda og gått slukøyra attende til Vangnses. Billettane til Fres Festival 2016 vert lagt ut førstkommande mandag.
– Ingenting ville vera tristare enn at vi ikkje får møta nettopp deg på årets Fres, difor oppmodar vi deg og alle du kjenner om å vera tidleg ute med å kjøpa billett, seier ein muntermelankolsk Skau på telefon frå Fresvik.

Fres Festival går av vedstabelen i verdas minste festivalbygd, Fresvik, i det som inntil vidare er Vik kommune, 28.-30.juli, 2016. Hittil er fylgjand artistar bekrefta: Honningbarna, Daniel Kvammen, Sweden, The Good The Bad and The Zugly og Frøkedal.

Saddle up! We rida at dawn!