Pantecrewet 2015

Takk for Fres 15

Som alltid, først og fremst uendeleg mange takk til Jon og Elisabeth. Ikkje berre tillet dei at vi får halde ein festival på garden, men det er også dei som står hardast på før og etter festivalen i førebuingar og opprydding.

Ein enormt stor takk går og til Stig og Kelly som heldt oppe ein kontinuerleg matproduksjon gjennom heile helga, utanom dei få ledige stundene då dei måtte vere barnevakter.

Tusen takk til familiane, Kaia, Mari, Trude og ungane, for at dei brukar storparten av feriane sine på å hjelpe oss med å gjennomføre festival. Bjørn skal ha takk for det samme (samt plakatopphenging, snikring, rigging og myndig, men rettferdig håndheving av festivalreglane overfor publikum). Takk går óg til Sunni som var 24/7 barnevakt, og Mari H og Kirsten som lojalt heldt stand i merchbui. Og som alltid – ein stor takk til Grill-Kristian som med overmenneskelege krefter makta både å halde fyr i grillane heile helga, og samtidig tok over 6000 (!) bilete.

Takk til vårt eineståande produksjonsteam som har hatt stålkontroll på lyd, lys og sceneproduksjon: Pål, Hans, Håkon, Øyvind og Rikke.

Takk til alle artistane som kom frå fjern og nær og leverte fantastiske konsertopplevingar (dette omfattar og vårt emninente radioteam Kristin, Kjartan og Endre). Og takk til Braut og Siri for å skjenke dei.

Takk til Nann Ingunn og Fresvik Taxi, som er ståande artisttransport gjennom heile helga.

Tusen takk til våre sponsorar Vik Elektro, Highsoft Solutions, Sognekraft, Accountor, Linn Bad og Fresvik Produkt. Og takk til Vik kommune, Kulturrådet, Vik Sparebank, Sparebankstiftinga og Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har gjeve oss økonomisk stønad.

Takk til Fargerike i Sogndal for måling, og takk til Balder på Leikanger, Synnøve Finden og Lerum for næringsmiddel.

Ein ekstra takk går og til Fresvik Produkt og Terje, som har bygd eit dobbelt backstagetoalett i år. Også Ole Håkon har som vanleg hjelpt oss med bygging, denne gongen av ei fantastisk bakscene med tak.

Takk òg til Frøys Hus og Blix Overnatting, samt IL Modig, ungdomslaget og Hans Ivar og Gunnar Bøthun som gav husrom til artistar og crew. Og takk for maten til Vikja og TacoWay.

Ein enorm takk går til alle frivillige, ikkje minst dei som brukte tid før og etter festivalen på rigging og opprydding (Eldri, Knut, Jonas, Silje, Eline, Sigbjørn, Dag Einar, Julie, Ørjan, Reidar og alle dykk andre)!

Til sist: takk til alle i publikum!

Og aller sist: takk til Fresvik – ei awesome bygd!