drusarhumor

E-postintervjuet: Drusar

– Kvifor flytta du til Sogn?

– Pga. den storslagne naturen, og fordi vi skal druse nynorsk boogierock på Fres1

– Kva skal til for å få deg til å bli verande?

– Alle backstagefasilitetar året rundt ville garantert fått oss til å bli.

– Kva saknar du mest frå heimtraktene?

– Butikkar med kaldt øl.

– Om du skal ta med vener på rundtur i Sogn, kva vil du syna fram?

– Fres festivalen, eit og anna fjell, ein fjord og tilfeldige damer ein køyrer forbi. Då ville vi sagt: Sjå den dama. Sjikkeleg snaså.

– Bør Sogn få seg ein by?

– Nei, om ein ein kunne fått kjøpt babb for kvar 50-ande meter i heile Sogn ville Bergen og spesielt Oslo mista sjarmen, og det hadde blitt heilt uinteressant og gledeslaust å ta turen til desse. Vern om byane! Dei ligg sopass lite sentralt til att dei treng sine særpreg for å lokke folk til seg.

– Kva vil du gjera for fylket om du var fylkesordførar?

– Trykke opp Drusar-songbok med gitarakkordar i, å innføre som pensum i alle barne, ungdom og vidaregåande skular i fylket.

– Statsminister då?

– Trykke opp Drusar-songbok med endå fleire gitarakkordar i, å innføre som pensum i alle barne, ungdom og vidaregåande skular. Deretter ville vi fjerna regelen med val kvart fjerde år, og klamra oss til makta så lenge bandet eksisterar. Bokmål hadde blitt flagga ut litt etter litt. Folk les stort sett på dataskjermar for tida, så kven treng bokmål??

– Har du eit godt ferietips?

Borte bra men heime best.

– Om du inviterar til festleg lag og må laga mat. Kva diskar du opp med då?

– Øl. Gjestene vert bedne om å ta med chips. Litt utpå kvelden ville vi bestillt pizza på døra. Snaddi!

– Trimmar du, i so fall korleis?

– Pumping av bicep og tricep på den lokale gymmen.

– Kva forhold har du til Facebook?

– Nødvendig onde for folk som spelar i populærorkester.

– Bryr du deg med korleis det går med Sogndal Fotball?

– ??

– Les du Sogn Avis, nett eller papir?

– Nett, når dei skriv om Drusar.

– Og kven får helsinga di gjennom avisa?

– Alle fans.

 

Drusar ser du på Fres, men fyrst må du kjøpe billett, det gjer du her!