Kvelertak til Fres Festival 2015!

,

Brødre, søstre, fresvikjer, kontemporære og andre! Kvelertak toppar Fres Festival 2015! I tillegg kjem Silja Sol, NRWY, Building Instrument, Woodland, DJ Girson, DJ Teddy Touch og sist og framleis minst: Bombeklüchter kjem tradisjonen tru for å opna festivalen. Programmet for Fres Festival 2015 er dermed komplett! Booo0000ya!

Kvelertak

Dei blytunge karane frå Sandnes! Dei kjem – med ugle og Orange-stacks og alt anna du kan tenka deg!

Kvelertak slo vrenggitarane sine gjennom i samband med Urørt-finalen i 2010.  Sidan den gong har dei turnert verda rundt og gitt ut to fullengdarar, Kvelertak i 2010 og Meir i 2013. Til saman har dei gjort seg fortente til heile tre (3) spellemannsprisar for desse to albuma. Den potente blandinga av norsk svartmetall, klassisk drivande hardrock og punk har altso falt i smak både hjå kritikarar, publikum og spellemannskomitémedlemmar. OK – forvent eit hardrockande løpsk godstog på scena i juli!

Silja Sol

Frå Bergen med herleg stemning i lomma kjem Silja Sol! Silja slapp den kritikarrosa debutplata “På hjertet” i 2014 og deltok i Urørt-finalen i 2015. Derfrå hugsar nesten alle hiten “Stemning”, som i tillegg er blitt belønna med tung tung rotasjon på NRK P3.

Building Instrument

Herlege poplåtar ikledd originale arrangement! Med sjølvaste Øyvind Hegg Lunde på trommer? Count me in!

NRWY

Dei notoriske søskenborna Grov er attende! I gigbagen har dei med seg materiale til eit blodferskt album som kjem til hausten, og to nysleppte singlar. Forvent kredibel gitarlyd!

Woodland

Woodland frå Trondheim kjem med akustisk rock´n´roll på sitt beste, som skapt for å spelast mellom gardsbygningar. Vi ønskjer heile Midt-Noreg velkomen til Skau!

DJ Girson

Girson returnerar! Etter at han spelte dansegolvet sønder og saman på fjordårets Fres, kunne vi ikkje anna enn å booka han på ny!

DJ Teddy Touch

Sjølvsaste Teddy Touch – klubblegenda frå vestlandshovudstaden (det må vel vera Bergen dei meinar!?) tek turen for å ytterlegare forsterka klubbkveldopplegget på Fres Festival 2015. Stay tuned!

Bombeklüchter

Rart pønkeband frå Leikanger kjem atter ein gong for å opna heile festivalen! Forvent deg forventningar!

Fullbooka, baby!

Dermed – min Edamer og herrer – er Fres Festival 2015 komplett! Sjekk innom artistsida for å sjå det fulle progammet – og gløym ikkje å kjøpa deg ein billett!