Emilie Nicolas_ photocredit-Kristian Skylstad

Emilie Nicolas headlinar Fres 2015

Boooom! Fres Festival flottar seg med følgande riiimeleg episke kvadruppelslepp: Emilie Nicolas – The Dogs – Frøder – og Drusar klare for Fres 2015! Sakleg opplegg!

Emilie Nicolas

Den første headlineren til Fres Festival 2015 er altså klar. Og jammen er det ingen ringare enn Emillie Nicolas!! Spellemannsgrossisten som har gjort seg skuldig i å gi ut fjordårets betse album – Like I´m a warrior. Det er altså nesten ikkje til å tru altso folkens! Det er ikkje ofte at vi går ut og oppmodar folk om å ta med seg ekstra ullundertøy på Fres, men akkurat i tilfellet Emilie Nicolas på Skausgarden i 2015 mistenkjer vi at gåsehudfaktoren kjem til å verte sopass høg at vi vèl å gjera det åkkesom!

The Dogs – Schau kjem til Skau

Som om ikkje Emilie er nok – vi er óg megastolte over å kunna presentera The Dogs! Fres Festival har i alle år vore ein stødig levrandør av kvalitetsraaawk, og det aktar vi å halda fram med. The Dogs er Christopher Schau med ein gjeng breibeinte kompisar som tek turen opp frå det sveitte holet vi kallar hovudstads-hovudstaden: Oslo! Med seg tek dei ein solid heilfrekk rock som heile Norges favorittitalienar som er amerikansk – Steven van Zandt – meinar er verdas beste (heilt sant!). Gled deg til vreng-gitar og rockeorgel i fjeset!

Frøder – ho har Fresviksyndromet!

Med eit ferskt album i pipelinen, og allereie ei bøtte med radiospeling i bagasjen legg Frøder turen innom Skausgaden og Fres Festival i sommar. På mange måtar er Frøder den største stjerna som nokon gong har vore på Fres. Med mindre du har budd under ei lecablokk dei siste åra, har du fått med deg den episke vokalen på CLMD-monsterhiten Stockholm Syndrome: jepp – det er Frøder det! Ho gir seg ikkje med det altso – hennar eigen singel Keep Forever har vore rikeleg snurra på Program 3 – NRK si satsing for dei unge! Woop Woop!

Drusar

Jepp! Pheet posering returnerar til Fres Festival! Drusar har nemleg vore her før, og no er dei endeleg attende, meir aktuelle enn nokon gong! Den som likar oppbyggeleg larudagsunderhalding (eller var det fredagsunderhaldning) på Statkanalen fekk nok utan tvil med seg at Jan Tore og Håvard frå nettopp Drusar kom like til finalen av vaksenprogrammet “The Hit” med frekkas-låta Damer og Solnedgongar! Låta vart i The Hit tolka av eitt eller anna trøndersk band som visstnok har klyppekort på gigar på Meieriet.  Men til Fres kjem Drusar og framfører låta på eigahand – i lag med evvergreens som Tresken, Sommardepresjon og RåkkÅråll! Get ready for sum sunnfjord-lovvin!

Artistar til Fres 2015

Dermed folkens har artistlista til Fres Festival lagt monaleg på seg, Thea Hjelmeland, Møster!, Drippin, SushixKobe og Sauropod er allerie klare – sjekk innom artistsida for å sjekka dei ut!

No når du veit dette – kjøp deg no for all del ein billett!