Fres Festival 2015 – dei første artistane er klare

Jess! Då går det ned igjen folkens! Fres Festival er på veg til deg! Det er nesten ikkje til å tru!

10 år!

Så er det óg slik at denne gjøkete kiden av ein festival i år feirar 10 år! Det var ein elendig idé den gong – og 10 år seinare er den framleis like dårleg. Men lell – av ein eller anna grunn er dette merkelge arrangementet eit seriøst festleg opplegg!

De som har vore her før – det er ein del av dykk etterkvart – veit kva som kjem: flott vér, episke omgjevnadar, dine beste vener, dine beste evner, ditt finaste telt, ditt sveittaste fjes, dei beste konsertane og ikkje minst den mest magiske magien. Det er faktisk ikkje uvanleg at folk finn froskar, kaniner, duer, roser, halve kvinner og andre teikn på magi i sekken sin når dei kjem heim etter å ha tilbragt siste helgi i juli på Skusgarden i Fresvik.

Så de veit kva de har å gjera: ta på deg den flottaste tryllekunstnarkappa du har, og legg turen for all del til Fresvik i sommar.

Artistar! Artistar! Artistar!

Så er det slik at Fres Festival er ein musikkfestival! Det betyr at det kjem til å komma masse artistar, som til visse tider kjem til å gje noko vi kallar konsertar! Dette går føre seg på ei “scene”, og erfaring tilseier at det er nettopp desse konsertane som er det folk hugsar aller best frå ulike Fresar.

Vi har i dag den episk store gleda å avlsøra den første gruppa med aristar til Fres Festival 2015:

Smell deg innom og sjekk ut artistsida, og ikkje gløym å fli deg ein billett!

Saddle up – we ride at dawn!