Kjenner du (eller er du) nokon som vil jobbe ein kveld som frivillig?

,

Som andre festivalar er Fres heilt avhengige av alle våre strålande flinke frivillge som får evenementet til å gå rundt. Festivalen går over tre dagar, og vi har eit stort behov for frivillige som kan stille som vakter i løpet av helga.

Vi treng framleis fleire som kan stille som ordensvakter på kveldstid. Om du stiller ein kveld får du gratis festivalpass heile helga.

Vi har fått god respons frå bygda, både folk som har vore vakter tidlegare, og nokre som er vakter for første gong. I skrivande stund har vi tolv fresvikjer som har sagt seg villige til å vere ordensvakter ein av kveldane.

Fresvikjer og utanbygdingar

Frivillege og festivalgjester i 2013

Tolv personar frå Fresvik er nærare 6 % av folkesetnaden i tettstaden. Samanlikna med tettstaden Oslo (if. SSB), vil dette tilsvare om Øyafestivalen hadde fått over 55 tusen frivillige vakter.

Likevel — sjølv om vi er svært takknemlege for dei 12 som har sagt ja til no — treng vi endå fleire. Dei treng ikkje vere heimehøyrande i Fresvik ein gong. Dei må berre vere over 18 og villege til å hjelpe til festivalen ein kveld (frå ca. kl. 19 til 02). Oppgåvene er å vere til stades (edru), gå rundt på området og følgje med på kva som skjer og eventuelt plukke nokre flasker. Om du har lyst til å sitje og ta imot billettar ved inngangen, treng vi også folk til dette.

I tillegg til dei frivillege vaktene har vi eit team med betalte vakter som går på kveld og natt. Desse skal ha overordna ansvar for vakthaldet, og skal handtere situasjonar der det eventuelt oppstår bråk (heldigvis har vi svært sjeldan opplevd slike problem på Fresn).

Dei frivillige ordensvaktene kan møte før festivalen, og får då festivalband for heile helga, samt T-skjorte og informasjon om vaktopplegget.

Ta kontakt via frivillig-skjemaet, eller ring/SMS Gunnar på 971 82 327 (eller send ein mail til gunnar@fresn.no).

2 replies
    • Gunnar
      Gunnar says:

      Hei!

      No har vi fått ein del vakter på torsdag. Men det er framleis behov for vakter på laurdag.

      Gunnar

Comments are closed.