Fres Festival 2014 er på veg!

Då er vi endeleg i Fres-veka folkens! Førebuingane går på metaforisk høggir på Skau og vérmeldingane er berre heilt useriøst lovande! Her kjem ei lita liste med tips og triks for sovel førstegong som andre-, tredje- eller niandegongs fresarar!

1 Kjøp deg ein billett!

Det er framleis billettar att, kjøp deg ein på Billettservice med det same. Hugs å printa ut billetten på papir før du kjem. Eventuelle resterande billettar vil bli lagde ut for sal i grindi, men desse vil vera noko dyrare enn billettane du kjøper på nett. Det ligg i tillegg billettar for sal på Bui i Fresvik. Born inntil 12 år som er i følgje med foreldra sine slepp gratis inn.

2 Ver gammal nok!

Fres Festival har 18 års aldersgrense. Dersom du er mindreårig, kan du komma inn om du er i følgje med ein verge.

3 Køyr varsamt!

Det kjem til å vera meir trafikk enn kva som vanleg er på dei svingete vegane mellom Vangsnes og Fresvik. Ver difor ekstra varsam dersom du køyrer bil til Fres Festival.

4 Sett opp teltet ditt med det same!

Fres Festival tilbyr overnatting i medbragt telt for dei som vil overanatta, slå det gjerne opp med det same du kjem på bøen. Det kan bil vansklegare utover kvelden.

5 Drikk masse vatn!

Då det er meldt tre tropenetter av tre moglege, og temperaturar ein vanlegvis vil reisa til Lanzarote for å oppleva, er det viktig at du drikk masse vatn. På festivalområdet vil det vera tilgang på frekt ferskvatn, så hugs på å ta med flasker som du kan fylla på.
NB! Det vert ikkje solgt forfriskningar på Fres Festival.

6 Gå på konsertar!

Fres Festival er ein musikkfestival. Når det er konsert er du framfor scena. Teltet ditt står nok når du kjem tilbake. Get real.

7 Ikkje vær ein dritfyr

Fres Festival er heldige som i alle år har hatt verdas trivelegaste festivalpublikum. Likevel vél vi som vanleg å komma med vårt aller beste tips: Ikkje ver ein dritfyr. Dersom du merkar at du er i ferd med å bli ein dritfyr, eller dritfyrinne, forlat festivalen umiddelbart.

8 Kos deg

Det er det livet funkar aller aller best til. Hjartlege velkomen til Fres Festival 2014!

2014-07-20 20.29.12