TYYL!

,

Ingen Fres utan TYYL!

Øyremagen, Skilnad, Styvis og Generalen tek nok ein gang turen til Fres Festival. Det er heva over ein kvar tvil at dette er eit band som Freslikummet set ekstremt stor pris på. Og kven kan eigentleg bebreida dei for det? Få eller ingen.

TYYL! diskar nemleg opp med tung catchy rock, og kva breidde vedkjem, er dialekta forbigått av beinføringa åleine. TYYL! slapp for årevis sidan EPen Atterava?, og denne har allereie blitt noko av ein klassikar i dei meir rurale strok av landet. Sidan den gong har TYYL! smellt ut heile to fullengdarar – Ber bod (2010) og K.O. (2013).

Blir ikkje du heller lei av TYYL!? Fli deg ein billett i dag!

Dei har óg vridd ut av seg denne frekke musikkvideoen til låta Mjelk og Honning frå K.O. Den har i skrivande stund 23 518 views på Youtube, noko som er 22 518 fleire views enn Sogn Avis sitt krav for “å ta internett med storm”.

Det er difor med stor glede at vi nok ein gong presenterar TYYL! for Fresvik og Fres Festival. Vi ser og med glede fram til at Øyrehagen skal fortelja om lembing og heimaøl, samt gje tips og råd i samband med bruktbilkjøp.

Sjekk ut TYYL! på Spotify!
Sjekk ut TYYL! på Facebook!