Radio Fres? Ja takk begge deler!

D’$ant! Lukkelege meddelar me at det blir to herlege “sendingar” med Radio Fres under årets festival. Og ikkje nok med det, me har klart å lure med oss radiovertar frå sjølvaste NRK P3!

Kirkefres!

I år blir nemlig Radio Fres leia av Kjartan og Endre frå programmet Kirketid på P3. Som sjølvutnevnde ekspertar på festivalmote, telting og festivaletikette vil dette utvilsamt bli ein suksess for bøen på Skau.

Så finn fram ditt beste sitteunderlag og benk deg ned foran Fres Main fredag og laurdag på dagtid for å få med sjølve apexen av festivallivet, Radio Fres!