Datarock til Fres Festival 2014! Holy megamoly!

Det er med absurd stor glede at vi kan presentera på  Fres Festival 2014: Datarock! Det er så festleg at vi nesten vert nøydde til å gå og legg oss, og ikkje stå opp att før godt utpå hausten. NEIDÅ! Men at dette vert feitt, garantiar er herved utstedt! Og ps: Bombeklüchter opnar festivalen.

Datarock!

Datarock er heile Bergens, og no heile landets, raudkledde partyvener. Der Datarock dukkar opp, veit du at festen er sikra. Sidan Datarock starta so smått heilt i starten av 2000-talet, har dei med sikre taktfaste steg stadig nærma seg målet om å ta over verda. Og no – vener, fresvikjer, samtidige og andre – er turen komen til Fresvik, Skausgarden og Fres Festival.

Folkens – spenn fast setebelter, skru på airbagar, ta på redningsvestar og sjekk alle fallskjermar: Datarock er på veg!

datarock

Bombeklüchter

Tradisjonen tru kjem pønkefrekkasane i Bombeklüchter for å ønskje alle velkomne til årets Fres Festival. Det vert killer!

Ferdig booka!

Dermed – kjære vener – er Fres Festival 2014 ferdig booka! Sjekk ut artistsida for komplett oversikt over kven som kjem!

Vi er ekstremt stolte av å kunna presentera eit 100% heilstøypt program til årets festival. Det er berre eitt at gjera – kjøpa seg ein billett og setta seg ned å venta på og lengta etter Fres Festival 2014!

Snakkast i Fresvik!!

1 svar

Comments are closed.