bombek

Bombeklüchter

Do it again!

Dei kallar seg framleis systrondspønkarar. Og det er det dei er, innerst inne. Bombeklüchter slo gjennom med eit brak då dei spelte debutgigen sin på 5. klasse ved Leikanger Barneskule sin elevkveld ein magisk ettermiddag i 1995. Sidan den gong har det berre gått ein veg for Bombeklüchter: jamt rett framover med ei slakk stigning fram mot 2007 då dei spelte inn monsterEPen “Andra vikao no“.

“Andra Vikao No” vart trykt opp i 100 x CD-R, og går for å vera ein av dei mest ekslusive utgivelsane frå systrondspønkmiljøet, kanskje berre forbigått av den minst like mystiske “Eru Singel?” – ein sagnomsust singel frå legendariske Båååv – eit anna heidersnamn både i Fres og systrondspønkesamanheng.

Hina degen!

Bombeklüchter vart danna av Jocko og Håvard i 1995 – Gunnar vart med på trommer i 2007. Det er altså liten tvil om at Bombeklüchter er eit løpsk pønkelokomotiv som ikkje let seg stoppa av NOKON TING! Det er blott eitt å seia: Du finne ikkje oss, med skraologg pao Nordfjordeid!

Vil du og finna Bombeklüchter? Kjøp billett til Fres Festival 2014 no!

Høyr Bombis på Myspace. Gjer da!

3 replies
  1. Han Sven
    Han Sven says:

    30xE’ru singel? gjekk utifrå produksjonshallen/råtakjedlarn i si tid om ein skulle vere interessert i meir systrondspønketrivia (i fall me i framtida skulle sjå eit eige systrondspønke-TP bli født, vil dette vere som krutt å regne i konkurransehøve).

Trackbacks & Pingbacks

Comments are closed.