Artistslepp IGJEN! Stein Torleif Bjella til Fres!

Det er knappast til å tru folkens, men sant er det lell! Sjølvaste Stein Torleif Bjella tek turen til årets Fres! Og han er ei åleine: hus-DJ og klubbsjef Ralph Myerz returnerar, Krachmacher kjem for å dela ut kless, og sjølvsagt sjølvsagt: ingen Fres forutan TYYL!

Stein Torleif Bjella!

Dei tause menns talsmann! Dei siste åra har ein skjeggete kar frå Ål gjort seg bemerka med sine framifrå countryviser om skakkøyrde skjebnar og livet på bygda og livet generelt. Med presise, djupsindige tekstar og melodiar som snik seg inn i øyremuslingen og inni hjernebarken har Stein Torleif Bjella gjennom tre finfine album – Heidersmenn, Vonde Visu og Heim for å døy – sett seg sjølv på kartet som ein av landets fremste låtskrivarar og live-artistar. Det er heilt bananas: Stein Torleif Bjella gjestar årest utgåve av Fres Festival! Det gledes!

DJ Ralph Myerz

Dei siste åra har bøen på Skau blitt gjort om til eit einast stort klubb-lokale. Det har vi nok ein gong gleden av å få til i år óg! Som vanleg kjem den fremste leverandøren av overfeite DJ-sett og sjukt groovy beats: DJ Ralph Myerz. I år er han ikkje verre på det enn at han har med seg ein fersk Spellemannspris i kofferten – for fjordårtes heilfrekke Supersonic Pulse! Dette vert fest!

Krachmacher

Direkte frå Bergenshovudstaden Bergen kjem Krachmacher for å levera eit heilfrekt sett av herleg bråkete avantgardisk rock. Krachmaher er som å få servert ein lasagna beståande av Deerhoof og Blonde Redhead, med litt Sonic Youth saus på toppen. Beintøffe improaktige låtar som tek over hjernen din? Ja takk!

TYYL!

TYYL er TYYL folkens! Ingen nærare forklaring trengs – you know the drill!

Aaaaait! Vi gledar oss villt, og det gjer du óg! Sjekk ut artistsida og nøl ei med å sikra deg billett til årets Fres Festival!