Sigurd Julius9174_foto_Torleif Kvinnesland

Sigurd Julius

Vinnaren av Urørt 2014 kjem til Fresvik!

Ja – du leste rett ja! Også i år kjem vinnaren av  Urørt til Fresvik. I fjor var det hiphoparen Arif som blei årets Urørt, og i år var det Sigurd Julius og låta Østavind sin tur.

Sigurd leverar triveleg visepop av ypparset klasse. Han syng på norsk, og har av mange fjes blitt samanlikana med andre norskspråklege artistar som Kråkesølv, Moddi og den gamle kroken Stein Torleif Bjella.

Sjekk ut Sigurd som vinn heile Urørtfinalen!

Sigurd er ein behatta kis frå Melhus, og han har nokre produktive år bak seg. I 2011 ga han ut EPen Gi et lite pip og i 2012 kom det heilfrekt titulerte minialbumet Skull ønsk vi kunn vær dem vi va da vi ønska vi va dem vi e. I fjor kom til sist den viktige sjølvstitulerte 3. utgivelsen Sigurd Julius som skulle ta Sigurd like til toppen av Urørtfinalen på starten av 2014

No har DU mogleheita til å få med deg framtida av norsk på norsk visepop. Vi varslar om akutt fare for ekstrem hygge når Sigurd Julius entrar scena på Skau i sommar!

Kjøp billett til årets Fres!

Sjekk ut Sigurd Julius på Spotify
Følg Sigurd Julius på Facebook

1 reply

Trackbacks & Pingbacks

  1. […] Årets Urørt – Sigurd Julius […]

Comments are closed.