NRWY

,

nrwy er ikkje eit band som ligg på latsida. Då dei i 2012 tenkte at no er det på tide å spela inn ein oppfølgjar til EPen Corrections frå 2011, tok dei like godt turen like til Texas (statadn!) for å bruka eit feitt analogt studio der. Etter ti intense dagar i studio kom nrwy utatt med det som skulle verte langspelaren Negatives. Negatives vart sleppt med karsk og dram i mai i år. Sidan den gang har nrwy spelt gigs heile vegen til London – hovudstaden i det som ein gong var det britiske imperiet.

Med dei aldri kvilande søksenborna Grov i front, og Jonatan, Sjur og Lill Katrin like bak – dunkar nrwy vidare med herleg rock inspirert av amerika frå ei tid svunnen som nattedogg for Fresviksola. Med solide referansar attende til det beste musikktiåret av dei alle – 70talet – kjem nrwy til å gje oss ein konsert som vil få alle, spesielt foreldra dine, til å hoppa opp og ned i rein analog begeistring.

Gira på megafeit konsert med nrwy du óg vøtt?

Fli deg ein billett!

Lik nrwy på Faceboki!
Flekk på nrwy på Spotify!